— Etne må satsa

Det meiner Tor Kjetil Fosse, utflytta etnebu, som har budd i Stavanger i åtte år. […]

Det meiner Tor Kjetil Fosse, utflytta etnebu, som har budd i Stavanger i åtte år.
Før kommune- og fylkestingsvalet i 1999 hadde Tor Kjetil Fosse eit lesarinnlegg på trykk i Grannar der han peika på manglande arbeidsmoglegheiter og busetjing i Etne kommune. Seks år seinare er dei same problemstillingane like aktuelle.
— Det er ikkje noko nytt at folk flyttar frå Etne. Eg føler kommunen ikkje gjer noko som helst for å gjera seg sjølv attraktiv. Ein gjer seg ikkje attraktiv med å ha fem skular ståande tomme. Viss ein hadde vore tidlegare ute med å gjera seg attraktiv, hadde ein ikkje trengt å legga ned skulane. Folk hadde flytta til grendene og då ville det vore livsgrunnlag for skulane. Det høge presset på sentrumsnære tomter heng saman med nedlegging av grendeskulane, hevdar Fosse.
— Korleis skal ein gjera Etne attraktivt?
— Eigentleg har Etne mange moglegheiter med turisme og kulturhistorie, men dei gjer ingenting med det. Me kan vera stolte av naturen me har rundt oss. Turisme gir ikkje så mange arbeidsplassar, men det kan få fleire til å stoppa i Etne. Kvifor legg ein ut hyttetomter i Røldal, Suldal og Sauda, kva med Etne? spør Fosse.

Viktig skilje
Innan ti år kan Fosse tenka seg å flytta heim til Etne, og aller helst til Rygg krins der han sjølv er oppvaksen. I går blei skulane verna, men Fosse fryktar at grendeskulane er borte om nokre år.
— Dersom grendeskulane blir lagde ned, er det mindre aktuelt å flytta heim. Det viktigaste skiljet frå å bu i ein by med kjas og mas til å bu i Etne er fin natur, rekreasjonsmoglegheiter og ein skuledel som ein by ikkje kan slå i bordet med, og som snart Etne heller ikkje kan slå i bordet med, er eg redd for, seier Fosse, som meiner miljøet og samhaldet ein får på ein grendeskule er særeige.

Ingen store verksemder
Slik Fosse ser det, er det fem punkt som er viktige for at ein person skal trivast ein stad: jobb, bustad, barnehage, skule og kultur.
— Jobbane er det vanskelegaste av desse punkta, seier Fosse, som er utdanna sivilingeniør og jobbar som dataoperatør innanfor boring i Nordsjøen. Dersom Fosse flyttar til Etne, må han truleg jobba offshore eller pendla.
— Det er litt snålt at det er fleire store verksemder i Ølen og ingen i Etne. Har kommunen nokon gong spurt seg kvifor? Det kan ikkje vera tilfeldig, seier Fosse.
Kulturlivet i Etne er derimot Fosse tilfreds med og eitt av kriteria for å flytta tilbake er at det held seg på dagens nivå.
— Men det er ikkje kommunen som skal ha æra for det. Veldig mykje av dette skuldast Fønix, seier Fosse.