Etne kommune blei i Sunnhordland tingrett dømd til å betala 100.000 kroner i erstatning til den tidlegare eigaren av Meieriplassen kjøpesenter, Dag Handeland, for utgifter hans selskap hadde hatt i samband med planlagt prosjekt om oppføring av flyktningbustader på strandtomta i Etne sentrum. Eit prosjekt der Etne kommune var samarbeidspartnar, men som etter ny runde i kommunestyret braut avtalen. Tingretten var ikkje i tvil om at Etne kommune einsidig hadde brote kontrakten, men Handeland fekk likevel ikkje medhald i sitt krav om at kommunen skulle dekkja tap av framtidige inntekter.
Dag Handeland gjennom selskapet Sjøtunet AS anka saka inn for lagmannsretten. Konklusjonen i dommen frå lagmannsretten, som blei kunngjort 3. april 2006, er at Sjøtunet AS bør få erstatta den positive kontraktinteressa. Lagmannsretten legg verdivurdering frå Agdestein Takst & Eiendomsrådgivning AS til grunn og finn at erstatninga skjønsmessig blir sett til 1.800.000 kroner. Anken har med dette ført fram i lagmannsretten, som med bakgrunn i sakas karakter finn at partane ber eigne sakskostnadar i lagmannsretten. Tingretten si kostnadsavgjerd blir ståande. I følgje dommen skal beløpet betalst innan 14 dagar etter at dommen blei forkynt.
Sjokkert
Ordførar Amund Enge fekk bakoversveis då han fekk dommen forkynt.
— Det såg heile tida ut til at saka gjekk vår veg. Eg blei derfor nærmast sjokkert då resultatet blei at kommunen må betala 1.8 millionar kroner, pluss eigne sakskostnader, seier Amund Enge. Han opplyser at kommunen sin advokat, Bjarte Kristian Døssland, har fått dagane fram til påske på seg til å studera dommen og om kommunen eventuelt skal anka saka inn for skjeremålsutvalet i Høgsterett.
— For eigen del meiner eg saka har så mange prinsipielle sider at ho bør prøvast for Høgsterett, seier Amund Enge.