— Etne naturleg port til Haugalandet

I samband med den tradisjonsrike Haugalandskonferansen var karmøybuen og to av dei yngre medarbeidarane hans […]

I samband med den tradisjonsrike Haugalandskonferansen var karmøybuen og to av dei yngre medarbeidarane hans invitert til å presentera spenstige framtidsvisjonar for området. Og det fekk dei til gangs. Trioen frå Snøhetta ville mellom anna leggja med handelen på Oasen og Raglamyr, og heller flytte den til Aksdal i Tysvær. I sentrum av Haugesund ville dei byggje langt fleire bruer og lage spennande øysamfunn i både Smedasundet og Karmsundet. Men det var først då Trædal Thorsen snakka om Etne kommune, at det tok heilt av.

Inngangsporten
— Dei som bur fast der, ser det nok gjerne ikkje på same måten. Men når ein kjem køyrande frå aust mot vest, då er Etne kommune ein heilt naturleg og vakker port til Haugalandet. Etne har ein heilt unik landskapsmessig setting, der kommunen breier seg i overgangen frå fjellandskap til fruktbart fjordlandskap. Her må det vera mogeleg å utvikle økologisk jordbruk med ein presisjon og ein profesjonalitet som vil gjere kommunen til ein magnet på sultefora by-europearar, meiner Trædal Thorsen.

Skilja seg ut
— Eg ser heilt klart for meg ein storstila europeisk innvandring til Etne kommune. Folk frå Tyskland, Nederland og Italia er heilt ville etter å kome seg til eit slikt reinskore kulturlandskap som det Etne har å tilby. Det er utruleg få stader i Europa at ein finn noko liknande. Men skal Etne lukkast, er det ingen snarvegar til suksess. Dei må rett og slett tilby noko som er rake motsetningen til café latte-kulturen i storbyane, og reindyrka dei verdiane som ligg i det å ha eit nært forhold til naturen. Og det fine er at ein slett ikkje treng eit stort sentrum. Her ser eg snarare for meg ei utvikling mot mange mindre landsbysentrum. Gjerne litt slik gardane ligg i dag, ivrar karmøybuen.

Kommunikasjon
Det at Etne i dag ligg heilt på botnen når det gjeld gründer-verksemd og lokal knopskyting, trur ikkje stjernearkitekten hjå Snøhetta er noko stort problem.
— Vyer og utvikling er i stor grad knytte opp mot begeistring. Men der ting skal endrast, der er det gjerne også ein stor grad av misnøye. Slik tilfelle gjerne er i kommunen i dag. Eg trur dette kan bli veldig spennande.
Eit anna prosjekt som ville ha passa som hand i hanske for Snøhetta sine vyer i Etne kommune, er snøggtoget over Haukeli.
— Det er eit prosjekt som eg absolutt ikkje vil karakterisera som eit luftslott. Det er snarare framtida.
Ein skikkeleg firefeltsveg til Haugesund er også viktig. For Etne vil også ein tunnel til Sauda ha store ringverknadar.

Berre må innom
— Alt dette vil til saman gjere at Etne ikkje lenger har denne kjensla av å vera ein utkant. Hadde dei også kvitta seg med Hordaland fylke, ville det vore eit skritt i rett retning. No er kommunen rett utanfor Haugalandet og Rogaland, og samstundes heilt i randsona til Hordaland. Det er ikkje særskilt bra. Men satsar Etne skikkeleg, trur eg ikkje det er lenge før dei vert ein stad der utlendingar på tur i Noreg berre må innom. Kommunen med den beste økologiske geitosten i verda, og der folk frå heile Europa allereie lever i pakt med dei lokale innbyggarane og den ekstremt flotte naturen, smiler Kjetil Trædal Thorsen.