Etne og Erling «Skakke» Ormsson

«En hyllest til en av min families forfedre og en ydmyk gest til norsk historie. […]

«En hyllest til en av min families forfedre og en ydmyk gest til norsk historie. Erling «Skakke» Ormsson ble født i 1115, var enekonge i årene 1162–1172 og døde i slaget på Kalvskinnet i 1179. Han ligger begravet i vakre Nidarosdomen.»
Eg viser til Grannar 04.01.07 med lesarinnlegg av Arnfrid Mæland der ho drøftar Erling «Skakke» sitt familieforhold. Ho spør etter sambandet mellom Erling «Skakke» og franske Nicolas Mahé de Berdouaré sin familie.
Me veit at nære familie kjem frå Bergen. Rieber–namnet ser ein frå langt tilbake som kjent namn i Bergen. Og Støle (Stødle – Studla) frå før Erling «Skakke».
Så er det samanhengen 900 år tilbake. Eg har ikkje funne samanheng korkje frå Erling sine foreldre, tanter, onklar, eller syskenborn – eller frå Erling sine to ektefødde born og hans mange «uekte» born. Men eg er heller ikkje sikker på at alt som historia fortel frå 900 år tilbake, alltid er korrekt framstilt. Kanskje er noko «bløffa» og anna teia med.
Så ser eg at det i utanlandske arkiv, som eg ikkje har hatt tilgang til, finnest historier om vikingar. At den grøne etiketten har opplysning om at Erling «Skakke» Ormsson var einekonge 1162-1172 finnest det ikkje dekning for i den historia eg kjenner. Der er Erling Kyrpingaormsson heile tida nemnt som – lendmann – riksstyrar – jarl og formyndar for sonen Magnus som seks år gamal – i 1163 – som den vart første krona til Noregs konge av biskop Øystein, og som seinare er nemnt som Noregs einekonge til han fall ved Fimreite i Sogn i 1184.
Før slaget ved Fimreite 1184 talte Kong Magnus til mennene sine og sa bl.a. at han hadde vore konge frå han var liten gut. Han hadde då lova å bruke si kongemakt til å verje landet og halde det samla.
Dette er forhold som er svært interessante for historie- og kulturrike Etne. Det finnest sikkert forklaringar på det som er uklart, og eg vil be ordførar Amund Enge ta kontakt med konjakkprodusenten og så kome tilbake med ei utgreiing. Han har vist interesse og tiltak både frå Viking-garden i TV og frå hans aktive arbeid med presentasjon av Skakke-cognac – òg med mediedekning – like til sak i departementet.

Einar Hornenes
Skånevik