Etne revansjerte seg

4. divisjon avd. 2 Etne – Skudenes 3 – 2 (2 – 1) 1 – […]

4. divisjon avd. 2
Etne – Skudenes 3 – 2 (2 – 1)
1 – 0 Henrik Svendsen (straffe) (11. min.)
1 – 1 (38. min.)
2 – 1 Henrik Svendsen (straffe) (42. min.)
2 – 2 (56. min.)
3 – 2 Eivind Aastvedt (85. min.)

Gult kort: Runar Rosseland, Jørgen Øyjord, Etne. Eitt til Skudenes
Rødt kort: Ove Straumsøy, Etne (to gule).

Dommar: Negjdet Negji Muller, Ferkingstad

Tilskodarar: ca. 60

I kraftig motvind tok Etne kommando frå start. Etter sju minuttar kom den første store sjansen då Runar Rosseland fekk to forsøk på å setja ballen i mål. Det klarte han ikkje, og fekk til slutt berre eit hjørnespark.
Etne heldt fram presset og fekk ved fleire høve utnytta farten til Ove Straumsøy. Etter elleve minuttar gav det resultat då han runda siste Skudenes-forsvarar og vart skubba ned inne i feltet. Straffesparket sette Henrik Svendsen sikkert i mål.

Burde hatt fleire
Berre fire minutt etter 1 – 0 slapp Ove Straumsøy nok ein gong gjennom då han snappa opp eit svakt tilbakespel. Han runda keeper, men vart pressa. I staden for å setja ballen i mål valte han ein pasning ut i feltet, men avslutninga gjekk utanfor.
Gjestane frå Karmøy sleit med å setja raske Etne-angriparar i offside, men trass fleire store sjansar dei første 20 minuttane vart det ikkje teljande resultat.
Aggressive grøntrøyer hindra Skudenes i å få spelet til å gli. Førts etter 21 minutt fekk gjestene sin første sjanse på eit frispark som smalt i tverrliggaren og over.
Midtvegs i omgongen måtte Etne sin midtbanestrateg Runar Rosseland ut med skade. Dermed mista heimelaget litt av grepet. Utover i omgongen jamna kampen seg ut, og Skudenes kom meir og meir med. Sju minuttar før pause fekk gjestane utteljing etter at Tore Øverland rota i eige forsvar. Ein Skudenes-spelar fekk pirka ballen forbi Kjetil Andre Skartland og 1 – 1.
Utlikninga var ein vekkar for Etne som på nytt sette press dei siste fem minuttane før pause. To minuttar før halvtid kom Straumsøy nok ein gong gjennom eit rufsete forsvar og vart felt. Men i staden for å blesa straffe valte dommaren å la spelet gå. Straffe vart det derimot like etterpå då Straumsøy på nytt kom seg fri, runda keeper og vart lagt i bakken. Og som på 1 – 0 var Henrik Svendsen sikker eksekutør.

Vanskelege forhold
Som i første omgong var det Etne som starta best etter pause, men kom ikkje nærmare fleire scoringar enn eit skot i stolpen. I staden var det Skudenes som nok ein gong utnytta rot frå heimelaget og fekk utlikning til 2 – 2.
Trass sterk medvind klarte ikkje Etne å rive til seg eit overtak. Ingen av laga spela spesielt bra fotball under dei vanskelege forholda, men heimelaget var likevel farlegast. Spesielt var raske Ove Straumsøy farleg fleire gongar, men mål vart det ikkje før fem minuttar før slutt då Eivind Aastvedt fekk eit innlegg frå høgre og med hovudet styrte ballen forbi keeper og inn ved stolpen. Dermed 3 – 2 og tre viktige poeng til heimelaget.

Unødvendige kort
— Me viste ei heilt anna innstilling i dag enn mot Randaberg sist måndag. Men me slit med å putte ballen i mål, og det er typisk at det må to straffar til, seier Etne-trenar Martin Moe.
Han måtte også sjå at Ove Straumsøy pådrog seg to unødvendige gule kort. Det siste kom minuttet før full tid, då han drog ned ein Skudenes-spelar i 16-meteren til bortelaget. Dermed rødt kort og suspensjon.
— Alle korta me fekk var unødvendige. Me vil sakne Ove til neste kamp, seier Moe.
Han var likevel nøgd med at laget produserte mange sjansar, spela bra til tider og hadde ein heilt anna innstilling enn mot Randaberg 2.
— Når Jørgen måtte ut på midten, klarte me ikkje heilt å fylle rommet der. Men eg er nøgd med spelet i første omgong, sjølv om me burde halde ballen meir nede på bakken. Med skjerping i begge endar blir dette bra, konstaterar Moe.