Etnebuen hevda seg bra. Enkelte av dei yngste skyttarane gjekk opp frå rekrutt til eldre rekrutt, og frå eldre rekrutt til junior. Konkurransen blir difor noko hardare, men skyttarane svikta ikkje av den grunn.
Av dei yngste var Etne Skyttarlag si einaste jente med. Ho fekk 211 poeng av 250. Lovise Amanda Hundseid er i klassen aspirant, og ho greidde seg bra i forhold til dei to gutane som var med.
I klassen for eldre rekruttar stilte tre deltakarar. Gisle Enge kom på første plass, Svein Nervik på andre plass og Anders Hundseid på fjerde plass, men han hadde like mange poeng som den som kom på tredjeplass.
I klassa for juniorar var det Svein Arne Almeland og Håvard Eikemo som deltok. Svein Arne gjorde det best av Etneskyttarane med sine 220 poeng. For Svein Arne og Håvard er det første året som juniorar, noko som tyder at det også er kneskyting på to seriar. Det gjer skytinga vanskelegare.
I klasse 1 vann Amund Enge med 237 poeng. Sigve Vik kom på fjerde plass i klasse 2, og Johannes Hundseid i klasse 5 kom på ein bra andre plass med sine 241 poeng.
Etne SKL skal arrangere Etneminiatyren den 29. og 30. januar, samt krinsstemne i miniatyrskyting i veke 6.
Etne- skyttarane hevda seg
Etnebuen hevda seg bra. Enkelte av dei yngste skyttarane gjekk opp frå rekrutt til eldre […]