I redaksjonen for den nye speidarhandboka, har speidarleiar Atle Aas vore med, og mykje av stoffet er henta frå speidaren i Etne. Atle Aas har også forfatta fleire av innlegga. Mange av bileta i boka, er også henta frå Etne.
Speidarhandboka har blitt eit allsidig oppslagsverk, som ikkje berre speidarar kan ha bruk for. Stoffet er flott presentert med gode illustrasjonar, oppskrifter og ikkje minst gode råd, særleg for friluftslivet.
Boka er delt inn i fire hovudkapittel, kva speiding er, kristen tru, friluftsliv og fellesskap.
I kvart av kapitla blir ein ført grundig inn i emna.
Speidarrørsla
Speidarrørsla starta for nær 100 år sidan. Den 31. juli 1907 samla generalløytnant Lord Baden-Powell 21 gutar frå forskjellige samfunnslag til leir på Brownsea Island i Den engelske kanal. Dette blir rekna som verdas første speidarleir.
I Noreg kom ein fort etter. Alt i 1908-09 var det danna patruljer og tropper i forskjellige delar av landet.
Utviklinga til KFUK og KFUM er ulik, men begge bygger på kristne ideal. Etter årevis langt samarbeid og ønskje om samanslåing, vart dette ein realitet i 2003. Då var Norges KFUK-KFUM-speidarar ein realitet.
Friluftsliv
Det er friluftsliv som har fått størst spalteplass i boka. Så er vel også leirliv noko ein ser i samanheng nettopp med speidarrørsla. Her får ein ei innføring i svært mykje når det gjeld uteliv. Kva utstyr ein treng, kart og kompass, reglar for ferdsle i skog og mark, førstehjelp, mat for villmarkingar og bruk av sansane, er berre nokre av dei nødvendige ting ein treng når ein ferdas ute i skog og mark, på sjøen og i vinterfjellet.
Utstyr som vindvottar, gamasjar og poncho, er prøvesydde av Ingunn Frette. Ho har vore ein av leiarane i speidaren i Etne dei siste fire – fem åra.
Kapitlet om tau og knutar er blitt omfattande, men så høyrer jo tau, knutar og speiding saman. Å lage taustige, stramme ein teltbardun og andre ting med tau, blir både enklare og ikkje minst sikrare når tau og knutar brukast på rett måte. Illustrasjonar og teikningar er allment lærerike.
Dei to avsnitta, «Ta kjøkkenet med på tur» og «Mat for villmarkingar» er fulle av tips, oppskrifter og flotte illustrasjonar, absolutt noko for alle friluftsfolk.
Etne sterkt med i ny speidarhandbok
I redaksjonen for den nye speidarhandboka, har speidarleiar Atle Aas vore med, og mykje av […]