Etne tapte KM-finalen

KM-finale 5. divisjon Søndag 16.okt, Etne stadion Etne – Egersund2 0-1 Etne: Lars Øvernes, Torgeir […]

KM-finale 5. divisjon
Søndag 16.okt, Etne stadion
Etne – Egersund2 0-1
Etne: Lars Øvernes, Torgeir Tungesvik, Frode Hauge, Tore Øverland, Øyvind Eljarvik, Stian Amundsen, Sindre Tjelmeland, Runar Rosseland, Kenneth Hegerland, Ove Straumsøy, Kjetil Bjørgen
Innbyttarar: Martin Heggelund, Espen Heggelund, Eivind Aastvedt, Ronny Moe, Hektor Vestbø, Arild Selland, Johannes Eide.
Tilskuarar: ca 150
Dommar: Kåre Pedersen
Ingen kort

Alt låg til rette for ein underhaldande finale i kretsmeisterskapet på Etne stadion i går ettermiddag. I eit strålande haustvêr var det mange som hadde møtt opp for å støtte heimelaget.
Første omgang baud ikkje på alt for mange sjansar, men av dei sjansane som kom var det Etne som hadde dei farlegaste. Etter åtte minutt var det Ove Straumsøy som skapte spenning då han fekk ballen etter eit innkast. Han dribla seg forbi eit par Egersund-spelarar før han skaut eit ikkje altfor vanskeleg skot for bortelaget sin keeper. Same Straumsøy sto også for den neste sjansen då han på eit frispark på høgrekanten, rett utafor 16 meteren, skaut rett i stolpen. Heller ikkje returen ville i mål, og gjekk like utafor. Også Kjetil Bjørgen var med og laga spenning for Etne, då han gong på gong gjekk på løp langs sida med innlegg framfor mål, men diverre for heimelaget vart det ikkje noko meir ut av dei sjansane. Egersund 2 var heldige som gjekk til pause med uavgjort.

Ikkje hellet med seg
Andre omgang fekk ein pangstart då Sindre Tjelmeland allereie etter få sekund kom aleine mot mål, men lobben gjekk rett over. Eit par minutt etterpå hadde Runar Rosseland sjansen då han fyrte av eit skot frå omlag 20 meter, men her hadde Egersund-keeperen ei fin redning.
Egersund hadde ikkje mange sjansar, men etter tolv minutt i andre omgang kom ein av dei få, då Egersund sette ballen i mål etter hjørnespark. Etne gav likevel ikkje opp, og allereie minuttet etterpå var det mykje knuffing, og fram og tilbake framfor Egersund sitt mål. Det blei jubel blant publikum då dei trudde dommaren dømte mål, men dommaren blåste for frispark til Egersund.
Resten av omgangen var det Etne som styrte, med fleire lobbar over mål og skot som gjekk til sides for mål. Etne hadde ikkje hellet med seg denne ettermiddagen, og det var skuffa etnespelarar som gjekk av banen etter ein kamp dei hadde fortent å vinne.
God sesong
— Det var heilt klart Etne som var det førande laget, og som skapte sjansane i dag, seier oppmann for Etne, Paal Askvig.
— Det er synd at Egersund skal score på ein av dei få sjansane dei har, seier han. Men Etne klarte opprykk denne sesongen, og er klare for 4.divisjonspel neste år.
— Sesongen totalt sett må me likevel vere nøgd med, avsluttar Askvig.