Etne til A-sluttspelet

Etnebuane var i aller høgaste grad med på notane. De heldt heile kampen liv i […]

Etnebuane var i aller høgaste grad med på notane. De heldt heile kampen liv i håpet om vidare avansement. Det blei mykje å jubla for mot starten av kampen. Erik Sævereid ordna 1-0, men Ahlerstedt utlikna. Peder Lauvås fekk kjempetreff og ordna 2-1 for Etne. Så scora tyskarane tre gonger utan at Etne makta å kvittera. Ny spenning blei det då Erik Nordheim fann vegen til nettmaskene. Ahlerstedt scora ein gong til, og kontrollerte kampen i sluttminutta. Etne kjempa tappert utan å få lønn for strevet.
— Eg er tilfreds både med innsatsen og spelet. Det er ingen tvil om at vi møtte eit veldig bra lag. Gutane har lov til å vera skuffa. Samtidig er det viktig å gle seg over prestasjonane, sa trenar Bjarne Sævereid. Han syntest det var kjekt at dei fekk med seg ei turnering i utlandet før gutane blir spreidde. Neste sommar kan fleire på det lovande laget vera tapte for Etne-fotballen. Då er dei ferdige med ungdomsskulen. Bjarne trur det blir vanskelig å få med alle vidare.
— Me håper gutane fullfører neste sesong for oss. Det er kan henda somme som søkjer seg til Stord eller Haugesund. I så fall kan det bli klubbytte, sa trenaren.
Etne-troppen retter nå blikket mot det som kan bli ein svært spennande og interessant haustsesong. Peder Lauvås og lagkameratane kunne ikkje ha fått ei betre oppfølging enn det dei har fått i Dana Cup. Dei har møtt gode lag. I hele sommar har det blitt trena bra. Det blei 2-1-seier over Ockerø i gruppespelet. Ole Johannes Engdal blei tomålsscorar, og han er ein av mange på dette laget som har målteft. Same spelaren scora to nye mål då Herafsbygda blei slått 5-0. Stig Drange, Amund Ekrem og Espen Jordal jubla også for nettkjenningar.