Etne vann turnering

Førre laurdag var dei åtte beste 15-årslaga frå nordfylket samla i Haugesund. Etne sitt lag […]

Førre laurdag var dei åtte beste 15-årslaga frå nordfylket samla i Haugesund. Etne sitt lag viste kva dei er gode for.
— Me er kjempenøgde. Me spela fin fotball med gode kombinasjonar, seier Vidar Aastvedt, trenar for G15.
Etne tapte ein kamp 0-1 mot Åkra i pulja si, men då Etne møtte åkrabuen igjen i finalen tok Etne revansj og vann 1-0.
— Me synest det var kjekt at Vard inviterte oss. Det tar me som ei tillitserklæring, seier Aastvedt.
— Me har lagt lista høgt, men eg føler me er blant dei fire beste i nordfylket, seier Aastvedt.
Søndagen var sett av til G16-laga. Seks lag spela serie, og Etne enda midt på tabellen. Turneringa blei vunnen av Vard1.
— Me gjorde ein god figur, men kunne gjort det betre, seier Per Martin Kjellesvik, oppmann for G16.
Han skryt over Etne sitt G15-lag som gjekk til topps.
— Det er ein fantastisk prestasjon, seier Kjellesvik.
Heller ikkje han legg skjul på at det er ei ekstra fjør i hatten å bli invitert til Haugesund for å spela blant dei beste.
— Me er stolte over at når Vard lagar til cup og handplukkar lag, så er Etne det einaste laget frå vårt distrikt, seier Kjellesvik, som trur suksessen kan halda fram også neste sesong.