4. div, menn avd. 02
Etne –Eiger (0-2) 0 -6
0-1: 4. min
0-2: 26. min
0-3: 71. min
0-4: 73. min
0-5: 75. min
0-6: 86. min
Dommar: Terje Holm, Djerv 1919
Eit gult kort til Eiger
Kampen starta på verst tenkelege måte. Berre etter fire minuttar fekk bortelaget sitt fyrste mål. Etnekeeper, Thomas Rullestad, må ta litt av skulda for at den ballen gjekk i mål. Like etter spelar Stian Amundsen, Ove Straumsøy gjennom, men spissen skyt ballen hårfint utanfor. Hadde denne ballen gått inn kunne kampbiletet blitt eit heilt anna. I staden overtek Eiger berre meir og meir. Det største problemet til Etne var at mange av spelarane rett og slett ikkje orka. Det verka som om sommarferien hang godt i beina på mange av dei. Etnespiss, Ove Straumsøy, jobba sørgjeleg aleine på topp. Han fekk svært lite hjelp frå medspelarane.
Nedtur
2. omgang vart eit sørgjeleg kapittel for heimelaget. I tillegg til dårleg spel på Etne stadion, vart også publikum kliss våte i det plutselege regnveret. Eiger stod på og til slutt vart overkjøringa svært tydeleg. Det eine målet etter det andre trilla i mål. Alt i alt var det klasseforskjell på dei to laga, og Eiger vann fortent 0-6. Ein får håpe at dette resultatet er med å skjerpe Etnelaget. Dei må vise heilt andre takter skal dei henge med i resten av haustens kampar.