Etne vidaregåande skule må finna seg til rettes

Dei vidaregåande skulane i Hordaland som det er naturleg å samanlikna seg med, nyttar nynorsk […]

Dei vidaregåande skulane i Hordaland som det er naturleg å samanlikna seg med, nyttar nynorsk på sine heimesider. Det gjer og t.d. Ølen vidaregåande skule i Rogaland.
Hjå Etne vidaregåande skule er nynorsken nærast demonstrativt fråverande. Sidan andre vidaregåande skular taklar vår språklege status på framifrå vis, er det freistande å tru at stoda i Etne kjem av negative grunnhaldningar hjå dei som styrer ståket der.
Det er velkjent at mange finn det vanskeleg å godta at landet vårt skal vedstå seg den nynorske sida ved seg sjølv, og at dette skriftspråket skal ha ein offisiell status. Ein må likevel kunna venta at dei som har leiande stillingar ved offentlege vidaregåande skular evnar å setja til sides private antipatiar og handterar fenomenet på ein profesjonell måte.
Årsmøtet i Karmsund Mållag vil be leiinga ved Etne vidaregåande skule forsona seg med at dei held til i det nynorske kjerneområdet, og ynskjer dei lukke til i arbeidet med å gje skulen ein nynorsk profil.

Fråsegn vedteken på Karmsund Mållag sitt årsmøte
5. mars 2006