Olav Sørheim stadfestar overfor Grannar at sirkelen er slutta ved at det lokale skatteutvalet har ettergitt skatt for rundt 40.000 kroner. Det er gjort etter skjønn i skatteutvalet, og Skattedirektoratet vart kontakta med spørsmål om saka var så prinsipiell at skatteutvalet ikkje kunne fatte eit slikt vedtak. Direktoratet avviste at det er ei prinsipiell sak, og sa at dette var skatteutvalet sin rett til å avgjere.
Årelang kamp
Sørheim reiste for fleire år sidan sak mot staten som brukte forkjøpsretten for å hindre at han fekk kjøpe ein gard i Etne. Men enden på den visa vart at Sørheim fekk kjøpe garden til slutt, og i mellomtida hadde saka mellom anna vore i rettsapparatet. Han fann det difor naturleg å føre utgiftene som frådrag. Først fekk han medhald i den lokale likningsnemnda, så i overlikningsnemnda, men skatteetaten ville ikkje gi seg.
Dermed starta ein årelang kamp som til slutt vart avgjort i riksskattenemnda som stadfesta Skattedirektoratet sitt ønske i denne saka.
Gav ikkje opp
For Sørheim var denne prosessen eit sjokk i møte med ein etat han meiner har bukta og begge endane og vernar seg sjølv gjennom å hindre innsyn for skatteytaren. Det kuliminerte med at Sørheim melde riksskattenemnda og leiaren Olav T. Laake til politiet fordi han meinte dei ikkje hadde gjort jobben sin. Sørheim meinte nemnda slukte Skattedirektoratet sin versjon utan å sjekke saka på sjølvstendig grunnlag, og dermed ikkje fungerte som kontrollinstans. Politimeldinga vart lagt til sides i september.
Rydda veg for andre
På i alle fall eitt punkt gjorde Sørheim ein jobb for alle skattebetalarane i landet. Gjennom å kople inn Sivilombodsmannen fekk Sørheim medhald i at skatteetaten fører ein omvendt praksis for innsyn som ikkje er ein rettsstat verdig. Regelen var at skatteytaren ikkje skulle ha innsyn i sakspapira skatteetaten la fram for ankenemndene, verken lokalt eller på fylkes- og riksnivå. Dermed kunne ikkje skatteytaren korrigere faktafeil eller ha innvendingar mot tendensiøs saksframstilling.
Sivilombodsmannen gav klar tilbakemelding om at prinsippet burde vere omvendt: at skattytaren skal ha innsyn så sant ikkje spesielle tilhøve tilseier noko anna. Det er Sørheim sin blomst i knappeholet.
Etnebonde fekk skatten tilbake
Olav Sørheim stadfestar overfor Grannar at sirkelen er slutta ved at det lokale skatteutvalet har […]