Etnefjelltur frå Kritle

— I år flyttar me turen attende til Kritle. Det er ikkje så mykje snø, […]

— I år flyttar me turen attende til Kritle. Det er ikkje så mykje snø, men me skal gjere ein innsats i veka med å lage så gode løyper som råd, seier leiar i skigruppa i Etne idrettslag, Jon Oddvin Moe.
Arbeidet med å lage løyper blir i år mykje lettare i forhold til tidlegare år.
Skigruppa har nemleg gått til innkjøp av ein tråkkemaskin.
— Me kjøpte maskinen av Sauda Idrettslag, med god støtte frå det lokale næringslivet i Etne. Dei fortener ein stor takk, seier Moe.
Etnefjellturen er 20 kilometer lang og går i lett kupert terreng. Skigruppa vil også lage ei miniløype på 10 kilometer. Påmeldinga til turen skjer på Skarstøl før løpet. Årets Etnefjelltur vert arrangert i samarbeid Etne Røde Kors Hjelpekors.
— Med flunkande ny varmestove, og godt håp om fint ver, trur me at dette blir eit freistande arrangement. Alle er i alle fall hjarteleg velkomne, seier Jon Oddvin Moe.