For andre året på rad har G16-trenar Vidar Aastvedt losa gutane sine til elitespel.
— Det er kjempebra og eg må berre skryta noko vanvittig av spelarane. Me har vore mykje plaga med skadar og hatt litt problem med å stilla lag. Difor er det utruleg at me har fått dette til, seier Aastvedt.
Laget spela sin siste kamp før sommaren på søndag og vann 2-1 på bortebane over Vard2.
Om hausten blir dei to beste laga i kvar pulje samla i ein elitedivisjon. Begge Etne-laga sikra andreplassen i pulja si og dermed skal 90- og 91-modellane frå Etne måla krefter med dei beste i fylket.
— Det blir hardt, konstaterer kaptein Stig Drange på Etne sitt G15-lag.
Harde tak ventar
Før kampen mot Haugar sist torsdag stod to kampar igjen for G15 og Etne måtte vinna ein av desse for å vera sikra elitespel. Etne svarte med å knusa Haugesunds-laget med 3-0.
— Det var heilt perfekt. Det kunne nesten ikkje vore betre, seier kapteinen etter kampen.
Allereie etter ca. ti minuttars spel gjekk Etne opp i leiinga og ved pause var stillinga 2-0. Etne hadde mange gode sjansar og viste stor styrke framfor mål.
Trenar Bjarne Sævereid tykte 3-0 sigeren var fullt fortent. Til hausten blir truleg motstanden sterkare.
— Det blir tøffe kampar og me får nok brynt oss då, seier Sævereid.
Han forklarar suksessen til årets G15 slik:
— Dei er interesserte, dei likar det dei held på med og me prøver å ha det kjekt. Ein har liksom fått inn at det er tøft å spela fotball, seier Sævereid.
I dag møter G15 Kolnes på bortebane, og i slutten av juli set gutane kursen for Danmark og Dana Cup. G16 reiser til Norway Cup.
— Fjør i hatten
Per Martin Kjellesvik, ungdomsleiar i fotballgruppa i Etne IL, rosar fotballmiljøet i bygda.
— Dette er ei voldsam fjør i hatten for det barne- og ungdomsarbeidet som blir lagt ned i Etne. Me har masse foreldre som bruker store delar av fritida si til dette. Me har eit godt fotballmiljø og det er status å spela fotball i Etne, seier Kjellesvik.
Han fortel at dei nå jobbar med å skulera leiarar og trenarar i aldersbestemte klassar. Framover blir det også sterkare fokus på jentefotballen.
Etnegutar i eliteserien
For andre året på rad har G16-trenar Vidar Aastvedt losa gutane sine til elitespel. — […]