Tungesvik var svært spent på korleis det ville fungere utan ungdomscampen.
— Eg er mektig imponert over ungdommane. Dei eg såg oppførte seg nesten som søndagsskuleelevar, seier han.
Neste år vonar han at nemnda får ein dialog med ungdommane. Målet er å få til eit tilbod, også for dei under 18 år.
Han likar ikkje at Haugesunds Avis omtala nattelivet i Etne som det reinaste ville vesten.
— Litt baluba må ein alltid rekne med når så mange menneske samlast. Eg snakka med politiet søndag morgon, og også dei var nøgde med oppførselen på marknadsgjestene, seier Ståle Tungesvik.
Ikkje verre enn andre
Ingvar Gjærde, driftsleiar for Etne, Ølen og Vindafjord politidistrikt, fortel at politiet hadde nok å gjere i løpet av marknadshelga. Fire drikkelag, fire slosskampar, eit grovt tjuveri frå marknadsområdet og ein lekamsskade, er det som står på blokka etter helga.
— Me har ikkje hatt meir å gjere denne helga, enn når det er Blues, Roots eller andre store arrangement. Etnemarknaden samla 37 000 menneske. Med så mange samla, blir det alltid litt å gjere. Problema skjer som regel mellom ulike uteplassar. Å unngå slikt bråk er ei utfordring for både politi og arrangørar, seier Ingvar Gjærde.
37.000 innom
Som vanleg var det mest besøkjande på laurdagen, med heile 13.800 besøkjande. Torsdag og fredag var det 7.200 personar inne, og på søndagen kom talet opp i 8.800 gjestande. Det gjer eit samla resultat på 37.000 personar.
— Me er godt fornøgde med besøket. Dei siste tre åra har besøkstalet vore på rundt 30.000, så det var ekstra kjekt at det blei ein oppgang i år, seier marknadssekretær Sølvi Grindheim Stople.
Rekorden på 43.400 frå 1998 er det framleis eit stykke igjen til, men det trur ho skuldast ein auke i sommartilboda i distriktet.
— Det har vore ein eksplosjon på festival- og arrangementsfronten i nærområdet vårt. Det skal noko til for publikum å rekkje over alt, seier ho.
Sidan starten i 1981 har det no vore 750.000 gjester innom Etnemarknaden.