Etterspurd lekter

Nett no vurderer Røgelstad eit tilbod om å ta utstyr og lekter nord til Aukra, […]

Nett no vurderer Røgelstad eit tilbod om å ta utstyr og lekter nord til Aukra, for å gjera ein innsats i samband det gedigne Ormen Lange-prosjektet.
Johannes Røgelstad er 40 år, og skåneviksbuen har allereie drive rimeleg stort med gravemaskiner i bortimot halvparten av levetida si. I samband med at entreprenørselskapet hans fekk veldig mykje arbeid i samband med bygginga av Trekantsambandet, vart den første lekteren kjøpt inn. Seinare har både vinsjar, store anker, slepebåt og endå eit par store lekterar vorte bokførte som driftsmidlar i selskapet.

Steintransport
Det finst ein del lekterar i marknaden, men ikkje så mange av dei er utstyrte med slitesterke overflater, som dei Røgelstad eig.
— Det gjer at me kan frakta inntil 1500 tonn stein i gongen. Slikt monnar, fortel Røgelstad.
— Ein del stader er ikkje vegane dimensjonerte for tungtransport. Andre stader er det rett og slett ikkje mogeleg å kome til utan frå sjøsida, seier mannen, som meir eller mindre har bygd opp heile Skålnes hytte- og bustadfelt i Skånevik med tunnelstein frå Bømlafjorden.

Plastring
Den siste tida har det lokale entreprenørselskapet hatt mykje arbeid med plastring (oppbygging av ein solid steinmur) av ei steinfylling på Kollsnes.
— Me har plastringsoppdrag i heile Sunnhordlands-bassenget. I byrjinga av august ventar ein større jobb på Austevoll. Stormen sist vinter øydela deler av ein stor molo, og me skal no sørga for at det ikkje kjem til å skje ein gong til, lovar maskinentreprenøren.

Vart overraska
Dei fleste entreprenørar med utstyr som passar inn, gjer mest kva som helst for å få vera med på dei store utbyggingane i regi av dei store olje- og gasselskapa her heime. Slik også med Ormen Lange-prosjektet til Norsk Hydro og Shell.
— Eg har ikkje gjort noko for å bli rekna med under arbeidet på Aukra. Difor var overraskinga rimeleg stor då AF Spesialprosjekter ringte for å fortelja at dei ønskte tenestene våre. Det må vel vera eit teikn på at me har gjort gode jobbar tidlegare, smiler Røgelstad.
— Men på grunn av at dei helst vil ha oss på plass med det aller første, og me er booka med mykje arbeid til eit stykke ut i august, er det slett ikkje sikkert at dette vert noko av. Men i løpet av kort tid må eg jo gje eit svar, og det er jo klart det freistar med ein slik referansejobb som dette heilt sikkert vil bli, seier Johannes Røgelstad.