Det er Synnøve Matre, treningsvenninna til Kjellaug Selsaas frå Stokkadalen i Vats, som kjem med gladmeldinga sundag ettermiddag. Ho har følgd spent med heimafrå heile helga, og ho har også oppdatert det norske hundemiljøet i Noreg over internett. I går kunne dei feire. Ikkje berre blei det individuelt gull på Selsaas og Loppa, men dei var også med og sikra det norske laget gull.
Svært høg poengsum
— Ho vann med 307.5 poeng av 320 moglege. Det var 6.5 poeng ned til nestemann, noko som er mykje på dette nivået, fortel ei oppglødd Matre.
Ho legg ikkje skjul på at Selsaas har gjort ein svært sterk prestasjon.
— Ho fekk ein veldig høg poengsum, slår Matre fast.
Selsaas blei tatt ut på landslaget i mars, og tysdag reiste ho og border collien Loppa, saman med dei seks andre på det norske landslaget, til Austerrike for å delta i EM.
— Me kan kome heilt i toppen viss me har ein god dag. Men det er mykje som skal klaffe for at alt skal gå bra, slo Selsaas fast overfor Grannar før ho reiste.
Selsaas har trena lydnad i 20 år, og det var tredje gongen ho gjekk for landslaget under EM i helga. Under EM i Torino i fjor blei ho nummer sju, men ho låg ei stund an til å vinne også den meisterskapen. Det gjorde at ho såg med ekstra spenning fram mot helga. I går ettermiddag kunne ho sleppe jubelen laus saman med heile det norske hundemiljøet.
Europameister i lydnad
Det er Synnøve Matre, treningsvenninna til Kjellaug Selsaas frå Stokkadalen i Vats, som kjem med […]