Sigbjørn Hundseid har fått den fjerde laksen på kroken, og Arild Vestbø må springe til for å hjelpe. Roy Johannessen og Magne Hamre har pause.
Det er travelt å vere laksefiskar i Lurhølane når laksen slår til.
Rekordfiske
— Eg har aldri opplevd maken før på mindre enn eit døgn, seier Arild Vestbø etter at han har fått Hundseid sin fire kilo tunge laks i håven på «Akutten» der dei styrer inn fiskane.
— Det er fin fisk også. Mellomlaks på fire-fem kilo går igjen. Dette er heilt spesielt, seier Sigbjørn Hundseid.
Dei to vikedølene fiskar ei veke i strekk rundt Sankt Hans, og Roy Johannessen frå Stord og Magne Hamre er med på fiskelaget.
— Vi tok til saman 23 laks på ei veke i 2001. Dette er heilt utruleg, seier Vestbø.
Laksefiskarane har fått bakoversveis over den hissige junilaksen som kom opp i elva etter regnvêret. Det var på tide å stoppe med ein pause.
Klondyke i hølen
Dei dyppa den første makken klokka seks onsdag morgon, og rett før klokka tolv – seks timar seinare – kroka Sigbjørn Hundseid laks nummer 14.
Grunneigar Berge Kjell Opsal har aldri opplevd tilsvarande fiske på elveretten sin før, og han har ingenting mot litt Klondyke i hølen.
— Dette er rekord på eitt døgn. Den same gjengen har tatt åtte tidlegare, og det er det meste eg kjenner til, seier Berge Kjell Opsal.
Roy Johannessen meiner rekordfisket har forklaring i at det har vore tørke lenge og at det har gått opp mykje fisk på ein gong med nedbøren.
At fisken er hissig og bitevillig er det at dei har fått mange og mista få eit prov på.
Nest største
— Det er fleire av dei som har slukt heile makken, forklarer Vestbø.
Gårsdagen var ein lukkeleg dag for laksefiskarar som også må tole å stå timevis utan å få napp.
— Det er ei farleg interesse dette. Fiske i ei veke går både ut over jobb og anna. Men det er verd det, seier Hundseid og gløtter på veggen på fiskebua som er tapetsert med laks.
Den største laksen var det Arild Vestbø som landa, og vekta viste 9,8 kilo. Der er den nest største så langt i år i Vikedalselva. Rekorden i går føremiddag var framleis 10,2 kilo, tatt 1. juni.
I Lurhølen på Opsal viste statistikken 19 laks, så det har vore ganske tamt dei første vekene.
— No er vi á jour. Det er tatt om lag like mange som i fjor på denne tid, seier Berge Kjell Opsal.