Åttandeklassingen Heidi Karlsen på Enge skule i Etne innrømmer at ho nesten aldri går med refleks.
— Eg gløymer berre å ta den på, seier ho.
Karlsen stolar på at bilistane ser henne. Dessutan er det alltid lyst når ho går til og frå skulen. Men ho brukar heller ikkje refleks når ho går langs vegen på kvelden.
Syklar utan lys
Klassekameraten hennar Eirik Haugen er også ein av dei som syklar og går utan refleks til alle tider på døgnet.
— Mamma seier at eg må skru på lyset på sykkelen når eg skal til fotballtrening på Steinsvollen, men det er sjeldan eg gjer det. Det er ganske mørkt når treninga sluttar, og me må sykla på vegen fordi det ikkje er noko sykkelsti der, seier Eirik Haugen.
Han får støtte frå Marita Ramsvik som seier at det er lite gangstiar for dei som går frå Etne sentrum retning Steinsvollen. Ho sjølv bur i den delen av Etne.
Alle åttandeklassingar i Enge skule har ein refleksvest heime, men dei brukar den lite. Har det noko med mote å gjera?
— Nei, det har ingenting å seia, er elevane samde om.
Steffen Hegerland tek på seg refleksvesten når han går til og frå skulebussen, men elles er han lite flink å gå med trafikksikre klede eller refleks.
Stygt med refleks
Linda Johansen plar å følgja skulebussen til Ølen sentrum og gå det siste stykke til skulen. Heller ikkje ho har noko refleks på seg.
— Nei, eg plar berre bruka den kvite jakka som eg har på meg i dag. Eg trur bilane ser meg, fordi dei plar å stoppa.
Ho trur ikkje ho vil gå med refleksklede i vinter heller og meiner at refleksklede er stygge. Det er betre med ei kvit jakke.
Skremmande statistikk
Verken Statistisk Sentralbyrå eller Trygg Trafikk har tal for kor mange fotgjengarar eller syklistar som har blitt skadde på norske vegar i år. Fjorårets statistikk viser at talet på drepne mopedistar og motorsyklistar er på veg ned, medan talet på omkomne fotgjengarar aukar. Det vil seia at fotgjengarar er den trafikkantgruppa som er mest utsett for trafikkulukker.
Arne Aase, fylkessekretær i Trygg Trafikk Hordaland, opplyser at bruken av refleks blant fotgjengarar i Hordaland er svært dårleg.
— Det er berre ti prosent av hordalendingane som går med refleks, fortel Aase. Han trur ikkje talet for 2006 er annleis.
Informasjon frå Statistisk Sentralbyrå viser at av dei 736 syklistane som blei skadde eller omkom i trafikken i fjor, var det berre to som hadde refleks eller lys. Same statistikk viser at ingen av syklistane som brukte refleks eller lys omkom.
Hittil i år blei 21 fotgjengarar og rundt 40 syklistar påkjørte i Rogaland. Ein meir detaljert statistikk om kor mange av dei brukte refleks då uhellet skjedde kjem ikkje før slutten av året.
Få brukar refleks
Åttandeklassingen Heidi Karlsen på Enge skule i Etne innrømmer at ho nesten aldri går med […]