Få etterspør økologisk

Den siste tida har økologisk frukt og grønt vore eit sjeldan syn i grønsakavdelinga hos […]

Den siste tida har økologisk frukt og grønt vore eit sjeldan syn i grønsakavdelinga hos Coop Mega i Ølen.
Heidi Vedå, ansvarleg for frukt og grønt i butikken, forklarar at det er svært få som kjøper økologiske grønsaker og frukt.
— Me kan ikkje bestilla berre litt av kvar sort. Dersom me tar inn salat, må me bestilla ei heil kasse. Og då er det vanleg at me må hiva mesteparten, seier Vedå.

Går med tap
Butikken får ingen refusjon for det dei ikkje sel, og salet av økologiske frukt og grønsaker går med tap.
— Det hadde vore fint om vi kunne bestilla i mindre mengder. Eg vil gjerne ta dette opp med Coop, seier Vedå.
Ho fortel at trass i den låge etterspurnaden, plar dei å ta inn økologiske varer dersom folk spør etter dei. Men då er det ofte slik at dei som etterlyser produkta, kjem ikkje tilbake for å kjøpa.
— Akkurat nå er etterspurnaden på økologisk frukt og grønt for låg til å satsa på. Likevel har me nokre faste grønsaker som cherry tomatar, poteter og litt salat. Den sistnemnde var faktisk ingen suksess, fortel Heidi Vedå.

Vel norsk
Gudrun Svantesvoll frå Ilsvåg ser alltid etter norske frukt og grønsaker, økologiske eller ikkje.
— Økologisk frukt og grønt held seg dårleg, seier Svantesvoll.
Lagringsevna til grønsaker og frukt er viktig for ho, sidan ho ikkje likar å handla ofte. Dessutan bryr ho seg lite om fruktene er økologiske eller ikkje. Ho syntest at dei norske smakar best, og ho stolar på kvaliteten.
Anita Nesheim frå Ølen seier at ho ét masse frukt, men har aldri tenkt på skilnaden mellom dei vanlege og dei økologiske.
— Eg veit rett og slett ikkje kva det er. Eg trur ikkje eg har sett noko økologisk frukt her, seier ho.

Meir hos Prix
På Coop Prix i Etne er det eit heilt anna bilde. Her er det eit stort utval av økologiske frukt og grønsaker, alt frå stengselleri til sitron.
— I dag er det litt utplukka i kassane, ser eg. Men me får meir i morgon, seier butikksjef June Tesdal.
Tesdal meiner at folk har blitt meir og meir oppmerksame på sunn mat.
— Det er ikkje for ingenting at me har så mykje allergiar og intoleransar for mat. Ein gong må ein jo tenkja seg om. Dessutan er ikkje dei økologiske produkta så mykje dyrare lenger, som det var før.
Butikken hadde mykje mindre etterspurnad på økologiske grønsaker i starten, men det kom seg etter kvart.
— Eg trur du må gambla litt, prøva å få merksemd til folk. Det er også viktig å ha god vareplassering og heller breitt utval, meiner June Tesdal.

Forbrukarane sitt ansvar
Linda Skår frå Sandeid leverer økologisk frukt og grønt til omlag 40 familiar i Etne og Vindafjord. Ho syntest det er synd at det er så lite butikkar som har eit godt tilbod for økologisk kost, men ho meiner at mykje av det er forbrukarane sitt ansvar.
— Mange butikkar slit med å få selt dei økologiske varene, og til slutt må dei hiva mesteparten. Eg trur det kjem av at folk veit alt for lite om kva det økologiske dreier seg om. Men når folk får vita meir om kva det er, kjem det til å ta heilt av, meiner Skår.