Få på plass fleire badestigar

Det er eit argument som ikkje er til å forstå.Difor er det ikkje merkeleg at […]

Det er eit argument som ikkje er til å forstå.Difor er det ikkje merkeleg at folk reagerar. Å gjera det mogeleg å koma seg opp av sjøen dersom ein er uheldig, er langt viktigare enn å gjera det enkelt for båtar å leggja til. Det burde dessutan ikkje vera vanskeleg å laga til stigar på ein måte som gjer at det både går an å leggja til og å komma seg opp av sjøen.

Folk ramlar på sjøen av ulike grunnar, og ser ein på drukningsstatistikken så aukar talet på drukningar. Folk likar å vera nær sjøen, og kaien i Etne er ikkje noko unnatak. Difor burde det vera ei sjølvfølgje for kommunen å sikra tryggleiken til dei som ferdast her, og snarast mogeleg få på plass fleire stigar.Det har allereie skjedd uhell på kaien, noko Marta Gro Kaldheim fortel om i dagens avis. Det er all grunn til å ta hennar uro på alvor. Når ulykka er ute, er det for seint å få på plass redningsutstyr. Det må på plass no.

Sommarsesongen vil heilt sikkert føra med seg meir liv på mange kaiar rundt om i distriktet. Her vil folk grilla, bada, gå turar eller berre nyta livet langs sjøkanten. Sjansen for at nokon vert ufrivillig våte i løpet av desse månadane er stor.
Sommaren er likevel ikkje den verste tida. Då kan ein klara å symja eit stykke for å komma seg på land. Verre er det om vinteren når sjøen er kald. Likevel er det ingen grunn til å venta. Det er no ein må passa på at redningsutstyr er på plass. Altfor mange i Noreg druknar kvart år, og det kan like godt skje her som andre plassar.