Frank Abelseth i Zportyfestivalen er derimot godt nøgd med auditionane som blei haldne i Haugesund og Sauda førre veke.
— Både oppmøte og kvalitet var bra, seier han.
Totalt har 20 deltakarar gått vidare til avsluttande finalar i Popstjernå som blir avvikla under Zportyfestivalen i Vikedal. Begge dei to jentene som møtte i Vikedal gjekk vidare.
— Eg er positivt overraska over at det var så stor interesse i Haugesund og Sauda, og sidan det var så bra der var eg overraska over at ikkje fleire møtte opp i Vikedal, seier Abelseth.
Er du mellom 13 og 19 år og har lyst til å prøva deg, finst det framleis ein sjanse. Abelseth er open for nok ein audition og ber alle etternølarar om å ta kontakt snarast.
Ingen gutar har deltatt i år, og Abelseth etterlyser spesielt desse.
— Gutar ville me gjerne hatt og gjerne frå lokalmiljøet, seier Abelseth.
Onsdag 19. juli møtest dei 20 deltakarane til vidare konkurranse. Ti personar blir luka ut før semifinalen, og berre fem går vidare til finalen torsdag 20. juli.
Få popstjerner på heimebane
Frank Abelseth i Zportyfestivalen er derimot godt nøgd med auditionane som blei haldne i Haugesund […]