Færre vil til Ølen

249 primærsøkjarar har valt Ølen vidaregåande skule, mot 286 i fjor. — Me synest det er […]

249 primærsøkjarar har valt Ølen vidaregåande skule, mot 286 i fjor.
— Me synest det er litt lågt, men det skal vera eit inntak til og me håper og trur at tala kan bli endra, seier rådgivar Marthon Hustoft ved Ølen vidaregåande skule.
Heller ikkje ved Etne vidaregåande skule jublar dei over søknadstala som viser 35 primærsøkjarar.
— Det er på dette nivået det har lege dei siste åra, men me skulle sjølvsagt ynskja oss fleire søkjarar. Det er litt låg søknad til alle Vg1-kursa, mens det er betre på kjøretøy og arbeidsmaskinar (VKI), seier rektor Ivar Fredriksen ved Etne vidaregåande skule.
— Eg føler at me konkurrerer litt om dei same elevane. Eg trur begge skulane taper på det, seier Hustoft.

— Litt skuffande
Trass i at Hordaland fylkeskommune har oppretta fleire nye plasser ved media og kommunikasjon frå hausten 2006, er kampen om å komma inn hard. Dobbelt så mange som det er plass til, har søkt media og kommunikasjon i Hordaland. Men berre tre elevar har Vg1 media og kommunikasjon i Etne som sitt førsteval.
— Det er litt skuffande, men me hadde to primærsøkjarar i fjor og enda opp med ein klasse på sju elevar, seier Fredriksen.
Søkjartala til Etne vidaregåande har dei siste åra vore låge, men Fredriksen trur alle klassane kjem i gang.
— Slik eg ser det, og signala som er gitt frå politikarane, er at dei vil satsa på Etne vidaregåande. Me er framleis i ein oppbyggingsfase og dersom ein legg ned nokre klassar, vil det vera byrjinga på slutten, meiner Fredriksen.

Heng i ein tynn tråd
— Me vil undersøka om det er noko å henta på å slå saman fag og oppretthalda fleire linjer på den måten, seier Nils Skavhellen, inntaksleiar i Hordaland.
— Kvifor har Etne vidaregåande så få primærsøkjarar?
— Folk som bur i Etne, trekkjer ofte mot Ølen sjølv om ein har populære fag i Etne. Det er eit større skulemiljø i Ølen og sidan Hordaland kjøper elevplassar i Ølen, blir det slik, seier Skavhellen.
Men ved Ølen vidaregåande skule peikar likevel tala nedover. Rådgivar Hustoft forklarar nedgangen slik:
— Allmennfag har falt litt ned, nokre elevar søkjer mot byen, nokre elevar frå Vindafjord søkjer seg til Sauda og nokre elevar frå Etne søkjer seg til Kvinnherad, seier Hustoft.
Dårlegast søknad er det ved VKI kjøttfag og VKII teikning, form og farge med berre ein søkjar til kvart av utdanningsprogramma. VKI omsorg har to søkjarar, og også VKI skipsbygging og Vg1 studiespesialisering med formgiving har låg søknad med fire søkjarar kvar.
Hustoft vedgår at nokre linjer heng i ein tynn tråd, men dette blir opp til fylkespolitikarane å avgjera i nær framtid.

Ølen vidaregåande skule:
Utdanningsprogram: Talet på søkjarar:
Vg1 Studiespesialisering: 33
Vg1 Studiespesialisering m/formgiving: 4
Vg1 Bygg og anleggsteknikk: 13
Vg1 Elektrofag: 18
Vg1 Restaurant- og matfag: 12
Vg1 Helse- og sosialfag: 18
Vg1 Teknikk og industriell produksjon: 10
VKI Allmenne fag: 33
VKI Teikning, form og farge: 10
VKI Omsorg: 2
VKI Tømrar: 18
VKI Elektrofag: 10
VKI Skipsbygging: 4
VKI Kokkefag: 6
VKI Kjøttfag: 1
VKII Allmenne fag: 27
VKII Teikning, form og farge: 1
Påbygg: 18
Tilrettelagd opplæring: 7
Toppklasse: 4
Totalt: 249

Etne vidaregåande skule:
Utdanningsprogram: Talet på søkjarar: Vg1 Media og kommunikasjon: 3
Vg1 Design og handverk: 6
Vg1 Teknikk og industriell produksjon: 6
VKI Kjøretøy: 9
VKI Arbeidsmaskinar: 2
VKI Media og kommunikasjon: 5
VKII Media og kommunikasjon: 4
Totalt: 35

Søknadstala viser primærsøkjarane.