Fagfolk siste hinder

Han er på jakt både etter farmasøyt (cand. pharm) og reseptar til det nye apoteket […]

Han er på jakt både etter farmasøyt (cand. pharm) og reseptar til det nye apoteket som er på beddinga i det nye senteret i Etne. Det er fagfolk som må på plass for å få konsesjon til å drive apotek.
— Alt er klart med unntak av desse fagfolka som vi har gått breitt ut for å skaffe. Etter at monopolsituasjonen for apotek vart oppheva, har farmasøytar blitt ei arbeidskraft det er vanskeleg å få tak i. Men eg reknar med at vi klarer å få denne siste biten på plass sjølv om det er ei utfordring, seier Roy Martin Øyjord.
Meir aktuelt
Apoteket er med i kjeda Ditt Apotek som vart etablert av Norsk Medisinaldepot. Det er ei kjede med lokale eigarar, og Roy Martin Øyjord blir eigar av det som truleg får namnet Etne Apotek.
Han driv i dag Arcus Vita AS, og butikken Arcus Vita helseprodukter i Fjordformbygningen i Etne.
— Eg tar med dei helserelaterte produkta inn i apoteket. Vi har fått ein marknad for desse produkta etter tre års drift, og det vil vere med på å styrke apoteket, seier Øyjord.
Han har tidlegare sysla med tanken på å starte apotek i Etne, men tala han fekk fram var ikkje gode nok.
— Med plassering i nytt senter, der det også er stoppeffekt frå E134, pluss erfaringane frå Arcus Vita, er det blitt eit anna utgangspunkt for å starte eit apotek, seier han.
Han legg ikkje skjul på at han er avhengig av å ta over store delar av marknaden for dette tilbodet som ikkje har vore i Etne før.
To klebutikkar
Øyjord er ikkje den einaste i det siste som har bestemt seg for å starte forretning i det nye senteret i bygda. To klebutikkar har også booka plass i handlesenteret.
Det er Nina Haugen og Bente Hardeland som skal starte butikkane, men dei er reserverte med å gå ut med informasjon fordi kontraktane ikkje er underskrive enno. Det er fleire kjende klemerke som skal inn i desse butikkane.
— Eg har tenkt ei stund på å starte klebutikk i Etne. Det er behov for det, seier Hardeland.
Ho skal drive ein privat butikk, men ha leveringsavtale med Bestseller som har fleire kjende merkevare i sortimentet, blant anna Jack&Jones. Nina Haugen er i sluttforhandlingar om å starta b.young-butikk med kle for ungdom og damer.