Fall for kattekunsten

Jan Terje Rafdal hadde søndag gleda av å vise publikum det han dei siste tre […]

Jan Terje Rafdal hadde søndag gleda av å vise publikum det han dei siste tre åra har jobba med heime i atelieret i Etne. Utstillinga til hans alter ego, Felix Fiigenschou, er delt inn i 33 ulike verk. Den trekte mange skodelystne til Haugesund Billedgalleri. Publikum vart imponert av det dei fekk sjå.
– Heilt fantastisk, eg er eit kattemenneske av natur, så for meg er dette midt i blinken, seier Bjørg Hauge Sund, som svært gjerne skulle kjøpt med seg eit måleri heim til pusen sin Katttrine, dersom ho hadde hatt råd.

Ikkje berre for katteelskarar
Tvillingsøstrene Line og Jane Sverdrupsen frå Haugesund var svært begeistra for kattekunsten, sjølv om dei av natur er meir hundepersonar.
– Dette er den største happeningen i Haugesund Billedgalleri på svært lenge. Eg er heilt imponert over kor gjennomført utstillinga er. Det å ta med boka og myntane gjorde utstillinga komplett, seier Line Sverdrupsen.
Søstera Jane, er like begeistra. Ho synst det er flott at kunstnaren har fått samla så mange flotte verk i eit konsept.
– Han har laga kunst basert på gamle verk, om til moderne kunst. Eg trur det er berre Jan Terje Rafdal som kan gjere akkurat dette, seier Jane Sverdrupsen.
Dei to søstrene var spesielt begeistra for biletet ”Portrædt af den unge Muelas”.

Populær kunstnar
I høvet opninga var Jan Terje Rafdal upåklageleg kledd i dress frå 1600-talet. Dei fleste gallerigjestene ynskte ei signert utgåve av katalogen «Felix Fiigenschou», der også Are Kalvø har medvirka. Kunstnaren var ikkje vond å be. Med flott fjørpenn signerte han så blekket spruta. Sambuar, familie og vener var sjølvsagt på plass under opninga, og dei kunne stolt konstatere at kunstnaren fekk mykje lovord og skryt for arbeidet som han har streva med i tre år. Utstillinga er open fram til 29. mai i Haugesund Billedgalleri.