Fall og skade

Det var naturligvis ein stort strek i regninga for den talentfulle Sandeid-guten. Bjørnar Larsen hadde […]

Det var naturligvis ein stort strek i regninga for den talentfulle Sandeid-guten. Bjørnar Larsen hadde nemlig bestemt seg for å vise konkurrentane ryggen i dei to VM-kvalifiseringsrenna i hega. I staden enda han opp som tilskodar i går. Laurdag figurerte Larsen på lista over de som hadde brote.
19-åringen var på tur ned ei lang og bratt utforkjøring då uhellet var ute. Juniorlandslagsløparen fekk plutselig auge på ein funksjonær i løypa. Funksjonæren rakk ikkje å kome seg ut av sporet, og Bjørnar Larsen la seg heilt ut til venstre.
På det isete og harde underlaget mista han balansen og kjørte til skogs. Favoritten forsto at ikkje alt var som det skulle då han skulle reise seg. Store smerter førte til at han måtte kaste inn handkledet. Det var ein frustrert tenåring som forsto at han måtte ta av seg nummeret. Humøret var alt anna enn bra når løpet var spolert.

Må prestere
— Pappa stod i målområdet og venta. Han forstod lite då eg aldri dukka opp, humrar Bjørnar Larsen etter å ha fått hendinga litt på avstand.
Laurdag kveld var det gode humøret tilbake. På det tidspunktet hadde han både vore til legesjekk og hatt ein lang prat med juniorlandslagstrenar Fredrik Aukland. Vestfoldingen følte med Larsen som var uheldig då det gjaldt som mest.
Hovudpersonen sjølv forstår at han må prestere i dei to andre VM-uttakingsrenna for å kome med til VM. Den første helga i januar må Bjørnar Larsen truleg kjempe i toppen for å bli tatt ut til juniorverdsmeisterskapen i Italia. Larsen er framleis sterk i trua på at det kan gå.
— Eg føler det skal gå bra dersom eg held meg frisk og får trena bra dei to-tre neste vekene. Det kan bli den største utfordringa dersom vinteren ikkje kjem, seier han til Grannar.

Jespersen på femte
Først frykta Larsen fallet ville medføre eit lengre skadeavbrekk. Han var litt meir optimistisk søndag. Tablettar og akupunkturbehandlingar skal få Bjørnar Larsen konkurranseklar i løpet av få dagar. Strekt muskulatur og utgliding av skiver var diagnosen som vart stilt. Grunnfagstudenten håper ikkje dette skal sette han særlig tilbake.
— Eg er innstilt på at eg kanskje må ta det litt roligare dei kommande dagane, men det treng ikkje bety noko verdas ting. Tanken er at eg skal vere på Lillehammer fram til vesle julaftan for å få utnytta snøforholda best mogeleg. Planane kan bli endra dersom det kjem snø heime. Andre juledag skal eg måle krefter med Chris Jespersen og dei andre i distriktet, seier Larsen.
Chris Jespersen gjorde elles ein flott figur i laurdagens fristilrenn. Skånevik-talentet skøyta inn til ein femteplass. Det er hans beste plassering i noregscupen som senior. Den tidligare juniorverdsmeisteren var nøgd.
— Det er først etter jul eg skal gå fort. Derfor er eg bra i rute, meiner mørkluggen.