Familie med blæsegruppe

Mor og far Kleiven, Anne Sinnes og Terje, starta å spele i korps som ni–tiåringar, […]

Mor og far Kleiven, Anne Sinnes og Terje, starta å spele i korps som ni–tiåringar, og heldt fram med det til i slutten av tenåra. Då Skjold skulekorps trong meir folk, slengde dei seg med og tok fram saksofonen og bassklarinetten att etter ein pause på bortimot tjue år.

Med på notane
— Det tok faktisk ikkje lange tida før spelinga var attende i fingrane. Det er rart med det, når ein først har lært det ein gong, er det ganske lett å gjera comeback, seier dei.
Anne og Terje har fire gutar. David på fjorten spelar kornett, Thomas på elleve spelar baryton, Andreas (13) er trombonisten og yngstemann Ruben (9) spelar kornett. Deira største opptreden til var under jubileumsgudstenesta til Vats kyrkje. Der spela dei under namnet Kleiven–kvintetten, i og med at yngstemann Ruben ikkje var med på akkurat det.
— Me har ikkje noko offisielt namn. Me spelar berre ved særskilde høve, og i familietilstellingar. Det er ikkje slik at me er på jakt etter spelejobbar. Me spelar når me får lyst og berre då, seier Terje Kleiven.

Jazz og swing
Ekteparet fortel at det har ikkje vore noko problem å få ungane med i spelegruppa. Dei er alle like interesserte og går fast i Skjold skulekorps.
— Kor ofte øver de?
— Det varierer svært mykje. I tida før me skulle spele i Vats, var det ganske intensiv øving, og etterpå var me leie og øvde ikkje på fleire veker. Men i snitt trur eg det blir om lag ein gong i veka, her heime og ei øving med korpset.
— Kva type musikk spelar de?
— Det går mykje i swing og jazz, men og noko kyrkjemusikk. Elles brukar me korpsrepertoaret. Musikk frå grupper som ABBA er spesielt populære. Me likar best musikk som svingar litt, seier Anne.