Fann Noreg på sitt beste

Blant ca. 1.000 deltakarar og 2.880 bilete, stakk etnebuen av med den gjævaste plasseringa. Om […]

Blant ca. 1.000 deltakarar og 2.880 bilete, stakk etnebuen av med den gjævaste plasseringa.
Om vinnarbiletet uttalar juryen at det er eit lekkert stykke Noreg, elegant komponert med bygningane haldne vekke frå sentrum i biletet. Den blå fargetonen passar godt til den kalde vinterstemninga. Lyset treff fint i overkant og underkant av biletet og gir både romkjensle og djupnekjensle. Også teknisk sett er biletet av høg klasse.

I gløymeboka
— Eg hadde eigentleg gløymt ut heile konkurransen, for eg sende inn biletet alt i mars. Plutseleg fekk eg mail om at eg hadde vunne. Eg trudde nesten ikkje på det, seier Espen Mills.
Vinnarbiletet av Sandvass blei teke påska 2002. Om biletet seier Mills dette:
— Det er eit veldig harmonisk og roleg bilde.
Nå ventar tur for to med Hurtigruta og rorbuweekend i Lofoten. Reisefølgjet er allereie plukka ut, det blir kjærasten.

Satsar på lærar
Mills bur for tida i Stavanger og held på å utdanna seg til allmennlærar. I fritida jobbar han som fotograf i studentavisa Hugin og i fotobutikk. I om lag fem år har han hatt foto som hobby.
— Kva med å satsa på ein karriere som fotograf?
— Eg tenkte på det før eg byrja på utdanninga, men nå satsar eg på lærar. Eg håper eg kan få brukt foto i yrket, kanskje som eit valfag. Fotografering er mest ein hobby, seier Mills.
23-åringen har ingen spesielle favorittmotiv. Han knipsar det han kjem over.
— For tida blir det mest konsert-fotografering i Stavanger. Viss eg er ute i naturen, har eg fotoapparatet med. Eg tenker alltid: Kan eg få tatt eit bra bilete i dag? seier han.
Konkurransen blei arrangert av Fotorådet i samarbeid med Innovasjon Noreg og ti andre firma innan foto og reiseliv.
Har du lyst til å sjå fleire bilete tatt av Mills? Klikk deg inn på heimesida hans: http://www.espenmills.com