Får betaling for branninnsats

Bondehæren med traktorar og gjødselvogner var svært viktig for å avgrense den store skogbrannen som […]

Bondehæren med traktorar og gjødselvogner var svært viktig for å avgrense den store skogbrannen som var løpsk både på Bjoa og Vikebygd. Nærmar 40 personar deltok i denne innsatsen, frå nokre timar til fleire døgn med kamp mot flammane.
Stiller opp
Kjetil Skartland er talsmann for bøndene som deltok i den frivillige innsatsen, og han opplyser at dei har ein avtale med kommunen om vederlag for innsatsen.
— Dei fleste av oss er innstilte på å gi eitt dagsverk til kommunen. Det var jo ein katastrofe og mange gjorde dugnad. Vi er samde om ein nokolunde felles timesats for leige av utstyr og mannskap, seier Skartland.
Han legg vekt på at samarbeidet med Vindafjord kommune er viktig, og at bøndene bør vere del av den framtidige kriseberedskapen for brann.
Får litt
Grunneigarar på Tindeland er derimot skuffa over at dei ikkje får erstatning for skade på jorder og gjerder i samband med sløkkinga. Kommandosenteret vart etablert over eit stort område der både tunge og lettare køyretøy køyrde på dyrka mark.
Denne misnøya kom fram på eit oppsummeringsmøte mellom dei involverte og Vindafjord kommune.
I følgje rådmann Helge Thorheim er det ikkje vurdert erstatning fordi han meiner kommunen har rett til å handle slik i krisesituasjonar, utan at det fører til erstatningsansvar. Derimot er han innstilt at grunneigarane skal få ein kompensasjon for ulemper ved at kommunen tok i bruk jorder.
— Kommandoplass og landingsplass var utanfor brannområdet. Der vil vi gi eit vederlag, men det er ikkje aktuelt å gi erstatning for skade på gjerde og skog som vart øydelagt i sjølve sløkkingsarbeidet, seier Thorheim.
Når alle utgifter er bokførte, vil brannen koste Vindafjord kommune over ein million kroner.