Får byggja ut 13 bustadtomter

Kommunestyret måtte ta stilling til om kompromisset frå Fylkesmannen skulle godtakast, eller om ein skulle […]

Kommunestyret måtte ta stilling til om kompromisset frå Fylkesmannen skulle godtakast, eller om ein skulle anka saka vidare til Miljøverndepartementet. Vedtaket i kommunestyret tysdag inneber at dei 17 nye bustadtomtene på gnr. 32 (Bernt Enge) på Enge blei fjerna, mens 13 av dei 19 planlagde på gnr. 9 (Trygve Birkenes) blei aksepterte.
Audun Namtvedt (FrP) uttrykte misnøye med å få gjennomomslag for så få tomter.
— Eg er litt irritert. Det er lagt til rette for 36 tomter og så blir det 13 tomter. Eg trur ikkje me får meir medhald ved å anka til departementet og eg går difor inn for tilrådinga, men likar det ikkje, sa Namtvedt.
Reguleringsplanen blei dermed samrøystes vedteken i tråd med Fylkesmannen sine innvendingar. Dette var fjerde gong saka var oppe.

Halvannan kalori
I vår blei ordførar Amund Enge (H) erklært inhabil då saka var oppe i kommunestyret. Likevel deltok han i meklinga med Fylkesmannen i haust. Dette har skapt reaksjonar, men Enge tok ikkje sjølvkritikk.
— Kommunestyret har sagt kva vedtaket skal vera og eg forhandla utifrå det. Eg brukte halvannan kalori på å bestemma meg for om eg skulle vera med på meklinga, forklarte Enge til kommunestyret då han bad dei om å vurdera habiliteten hans i handsaminga av reguleringsplanen.
— Eg ser tydeleg at ordføraren er inhabil i saka. Han er framleis i same slektskap som i vår og det var ikkje vedtaket i kommunestyret som gjorde han inhabil, sa varaordførar Siri Klokkerstuen (Ap).
— Det er ikkje tvil. Har ordføraren vore inhabil før, kan han ikkje bli habil nå, sa Tollef Rullestad (Ap). Han sa at ordføraren si deltaking i meklinga med Fylkesmannen «ikkje var det klokaste han hadde gjort» og viste til at ordføraren burde ha overlete jobben til ein annan.

Tre stemmer mot
— Eg synest ordføraren er inhabil i dag òg. Ein kan ikkje spå resultatet av saka før me har behandla ho og stemt over ho, sa Ingvor Gundegjerde (Sp). Arnold Solheim (KrF) tok til orde for at ordføraren kunne vera med under handsaminga.
— Eg har vore usikker, men slik saka ligg i dag klarer eg ikkje å sjå at ordføraren er inhabil. At han ikkje burde vore med i meklinga, er ei anna sak, sa Solheim.
Berre tre stemte mot at ordføraren var inhabil og dermed måtte Enge overlata ordførarklubba til varaordførar Siri Klokkerstuen.
— Det var i heilt i orden. Kommunestyret bestemmer det, seier Enge til Grannar om habilitetsspørsmålet.