Rådmannen ville gi Terje Henriksen lov å reise eit påbygg i to etasjar der politiet er i dag, men no har formannskapet godkjend søknaden slik at bygningen blir fire etasjar. Det var etter forslag frå Terje Kleiven (SVTL) at formannskapet sa ja til søknaden. Det vil heve bygningsprofilen i sentrum og tette igjen utsikt til fjorden. Det var tredje gongen saka var oppe i formannskapet. Det er Vindafjord lensmannskontor som skal disponere nybygget. Sjølve dispensasjonssøknaden gjeld byggje- og deleforbodet i sentrum fram til ein tettstadsanalyse for sentrum er ferdig. Den skal gi føringar for kommunesenteret i Vindafjord.
Faksimile frå Grannar 26. mai 2006
Får dispensasjon i sentrum
Rådmannen ville gi Terje Henriksen lov å reise eit påbygg i to etasjar der politiet […]