Får gnisten av god kunst

— Eg tar ikkje provisjon av utstillarane. Målet er å få presentert litt kunst. Det […]

— Eg tar ikkje provisjon av utstillarane. Målet er å få presentert litt kunst. Det har vi alle godt av. Utstillingar gir glede, og eg blir oppløfta av dei, seier Bjarne Krohn-Lie og tar ein sveiv med armen for å vise at veggene snart er fulle til utstillinga som opnar i dag i Bjarnes hus.
I naborommet er verkstaden han restaurerer møbler i. Ein kommode skal ha eit nytt bein og ein stol av bjørk treng å stramme seg opp. Innimellom tar han seg ein tur ut i galleriet for å hengje opp eit bilde eller to.

Deinboll hovudgjest
I den nye utstillinga er Torbjørg Deinboll frå Brandbu i fremste rekkje og spesielt invitert. I alt 30 trykk er på plass i Bjarnes Hus, både med og utan ramme.
— Skulle eg ha hatt litt fleire av dei i rammer, kanskje ? Men dei er fine utan også. Det er spontane bilde, akkurat som kunstnaren. Eg har kjent ho i fleire år, og på eit besøk i august fekk eg ho med på denne utstillinga. Ho kan dessverre ikkje vere med på opninga, fortel Krohn-Lie.
Torbjørg Deinboll er 63 år og utdanna grafikar. Ho har kombinert kunstnaraktiviteten med undervisning i faget. Deinboll opna eit galleri på Brandbu i fjor.
— Ho er også i gang med å etablere eit teikneseriemuseum. Og så lagar ho papiret av forskjellige ting ho samlar saman. Det er ein spennande prosess. Ein kan jo lage papir av alt mogleg, gamle kle og planter i naturen. Det er fiber.

Møbel er også kunst
Bjarnes Hus er ikkje minst ein arena for lokale målarar i Ølen kunstlag. I utstillinga som varer til og med søndag, er 10-12 med frå laget. Krohn-Lie er også med på denne lista. Dottera hans på 17, Margaret Synnøve, deltar også med eit par store bilde.
— Målarane i kunstlaget er litt beskjedne. Det viktigaste med dette utstillingslokalet er at medlemmer i kunstlaget kan presentere seg her. I tillegg er det kjekt å få impulsar utanfrå. Det er alltid godt med besøk når vi har noko å vise fram, seier den pensjonerte møbelsnikkaren.
Han lever og andar for kunst, og han både målar og lagar keramikk.
— Møbelsnikring er også kunst til sine tider. Eg er glad eg er utdanna i eit fag. Det kjem godt med på fleire område.
Verkstaden gir også midlar til å betale utgiftene med å halde Bjarnes Hus gåande utan særlege inntekter. Litt loddsal under arrangement er det som kjem tilbake til huset. Det er kunsten og ikkje mammon som står i høgsetet for galleristen som har budd i Ølen i snart tjue år.

Utstillingar i fleng
— Det er forskjellig korleis ein opplever kunst. Eg var over 50 før eg plutseleg forstod bildekunst. Det har noko med det indre å gjere, og om å bli bevega av bilda. Ein kan seie at det og det er fint, men å oppleve kunst er noko anna, filosoferer han.
Det er to år sidan han kjøpte det tidlegare bedehuset for å omskape det frå Guds hus til kunstens hus. I løpet av denne tida har han hatt nærmare 20 arrangement og utstillingar. Han har engasjert seg for å få ungar til å lage kunst og stille ut. Også skuleklassar har pryda veggene med arbeid

Meir sprell
— Det er to år til eg er 80, men eg likar framleis å vere kreativ. Spontanbilde skapt i augneblinken likar eg godt. Torbjørg Deinboll sine bilde er slik, og dei er litt annleis, seier Krohn-Lie.
Sjølv om ideane er der, kunne han gjerne sleppt yngre krefter til i Bjarnes Hus.
— Potensialet til huset er større enn det eg får til. Ein kunne gjort meir ut av det med litt yngre folk som hadde tankar om korleis ein kan drive og utvikle huset, påpeikar han.
Tomt og ubrukt er det han aller minst ønskjer. Men i dag er det igjen klart for utstilling i Bjarnes Hus.