Får ikkje dispensasjon

Formannskapet avviste klagen på det første avslaget. Fordi området er såkalla LNF-område for landbruk, natur […]

Formannskapet avviste klagen på det første avslaget. Fordi området er såkalla LNF-område for landbruk, natur og friluftsliv må ei båthamn ha dispensasjon trass i at heile området er bygt ut med naust og kaier. Etter forslag frå ordførar Arne Bergsvåg vedtok formannskapet å sjå positivt på båthamn dersom det blir laga ein privat reguleringsplan for området. Det betyr at grendelaget må lage planen, og deretter håpe at ikkje fylkesmannen vil sette stoppar for den sidan det er eit LNF-område i kommuneplanen. Klagen på avslaget på dispensasjon blir oversendt til fylkesmannen som skal vurdere både avslag på klager og dispensasjonar.