Berre frå i fjor til i år merkar vedprodusentane her i distriktet stor skilnad på omsetnaden av veden.
— I år var store kjeder som Obs og Plantasjen ekstra tidleg ute med kampanjar. Då er det ikkje lett å hamle opp, seier Trygve Sandvik.
Han har travle pensjonistdagar med å ta ut skog og produsere ved tvers over fjorden frå Vikedal, inn forbi Stokkadalen i Vats.
Miljøproblem
Han starta produksjon for nokre år sidan, og då gjekk det bra. Men no kjem den utanlandske marknaden stadig tettare innpå og øydelegg for den lokale vedmarknaden. Sandvik ser fleire paradoks ved denne utviklinga.
— Det er greitt med konkurranse. Men problemet er den låge verdien på dennte vara i forhold til vekt og volum. Eg trur ikkje det er nokon andre varer med så liten verdi ein fraktar så langt, seier vedprodusenten.
Han er opptatt av at det må fokuserast på konsekvensane dette har for miljøet, og han meiner denne utvikliga heilt klart er eit miljøproblem.
Den importerte veden dei store kjedebutikkane sel er billeg og tilgjengeleg, men av dårlegare kvalitet, meiner Sandvik.
— Den er lausare, slår han fast.
Gror igjen
— Viss me skal la vårt eige land gro over, så er det jo ille berre det, kommenterer han vidare.
Før Sandvik byrja å hogge i skogen som høyrer til garden der han voks opp, var det tett over alt. No har han tatt ut nærare 1400 kubikk skog frå friluftsområdet.
— Terrenget gror over. Før beitte det dyr her, men det gjer det ikkje no lenger. Når ein i tillegg ikkje høgg, blir det berre villniss her. Når ein skal betale for å få ut skogen, samstundes som veden blir importert frå Baltikum, så blir det aldeles gale, slår skogeigaren fast.
Sandvik meiner situasjonen for vedprodusentane er spesielt ille på Haugalandet og i Stavanger-traktene, fordi her kjem veden rett til hamnene. Til indre strok blir den importerte veden fordyra av ytterlegare transport.
Vil ha avgift
Situasjonen for dei lokale vedprodusentane var tema på årsmøtet i Vindafjord Skogeigarlag i mars, og ein uttale derfrå er send til Skogeigarlaget Vest, samt til Ølen og Vindafjord kommunar.
— Me håpar at dei vil ta det opp og fremje saka overfor sentrale styresmakter, seier Sandvik.
Skogeigarlaget ønskjer ei miljøavgift på import av utanlandsk ved, for at norske produsentar skal kunne konkurrere på marknaden. Eit slikt tiltak vil kunne skape ein balanse i skogavsetnaden i eige land, samt bremse på bruken av oljeressursane, meiner medlemmene i Vindafjord Skogeigarlag.
For Sandvik har den dårlegare omsetnaden på veden gjort det naudsynt å reise eit vedhus, der han kan lagre overskotsproduksjonen. Dette har tatt mesteparten av arbeidstida hans denne sesongen.
— Eg får drive så lenge pengane strekkjer til, seier han.