Vinteren er full av kurrante plager i luftvegane som det av og til er nødvendig å få sjukemelding for. Men Jan Sverre Frønsdal gav til slutt opp med å få kontakt med Ølen legesenter etter fleire forsøk.
Vanleg oppfatning
— Det er påfallande at dersom du ringjer ei kva som helst bedrift, så får du svar. Men når det er snakk om liv og helse, så skal ein ikkje kome gjennom til eit sentralbord. Det er ikkje godt nok, meiner Frønsdal.
Det har lenge vore tema at du helst ikkje bør vere sjuk, men heller stappfull av tolmod og friske krefter for å kome gjennom på telefon til legekontoret i Ølen.
— Dette er eit vanleg samtaleemne i Ølen, og folk er oppgitte. Vi har sjølve erfart forskjellen mellom legekontora i Ølen og Skjold. I Skjold er det ikkje problem å få kontakt når du ringjer. Difor har kona mi vendt tilbake til å bruke Skjold fordi det ikkje fungerer å få kontakt i Ølen, forklarer Frønsdal.
Mur av opptattsignal
Han meiner det er viktig å belyse korleis det er å vere pasient som sit med telefonen og berre får opptatt i andre enden.
— Det må vere eit endå verre problem for eldre og dei som er skikkeleg sjuke. Det blir sagt at du kan ringje 113 dersom det er noko alvorleg og telefonen er opptatt. Men folk har jo eit soleklart behov for å få kontakt med legekontoret sjølv om dei ikkje vil ringje akuttnummeret, seier Frønsdal.
Han stiller også spørsmål om vitsen med fastlege dersom pasienten møter ein mur av opptattsignal og telefonsvarar. Legekontoret har ope frå klokka 8.30 til 15.00, men ein halvtime midt på dagen er det fullstendig taust på grunn av ubetalt matpause.
Vil ikkje gjere noko
— Eg vil ikkje hengje ut dei som arbeider ved legekontoret. Men nokon må ta ansvar for at pasientane ikkje er tente med situasjonen. Dersom ikkje administrasjonen klarer å rydde opp, må politikarane ordne opp. Dei sit på den viktige pengesekken, seier Frønsdal.
Helseleiar Halldis D. Nedrelid i Ølen har ingen akutte planar om å gi pasientane eit betre tilbod. Ho meiner problema ved Ølen legekontor er eit tilbakelagt stadium.
— Vi har fått få klager av denne typen i det siste. Kontoret fekk tilført ressursar slik at det no er tre personar som arbeider med ekspedisjon, skadestove og laboratorium fire av fem dagar i veka. Situasjonen ved Ølen legekontor er ikkje verre enn ved andre legekontor, seier Nedrelid.
— Vi har i alle fall ikkje fått skriftlege klager. Eg ser ingen grunn til å gjere noko med dette spørsmålet før vi får skriftlege klager som tilseier at vi bør gjere noko, seier Nedrelid.
Klarer ikkje svare alle
Helseleiaren meiner det må vere ei myte at det er så vanskeleg å kome gjennom til legekontoret.
— Dette er eit negativt omdømme som det tar tid å snu. Målingar som er gjort tyder på at svarprosenten er god nok, meiner Nedrelid.
Samstundes viser også målingar at legekontoret får inn frå 100 til 160 telefonar per dag. Med eit moderat snitt på tre minutt per samtale, er det snakk om åtte timar effektiv ringjetid på dei travle dagane. Så mange timar har ikkje kontoret ope.
— Vi har ikkje alltid kapasitet til å svare alle. Men det betyr ikkje at tilbodet er for dårleg. Eg meiner vi ligg på det som er vanleg på landsbasis. Ein kan ikkje vente å alltid kome gjennom.
Helseleiar Halldis D. Nedrelid meiner det er uvanleg mange som ringjer til legekontoret samanlikna med befolkningsgrunnlaget.
— Eg har ikkje svaret på kvifor folk i Ølen har så stort behov for å snakke med lege, seier Haldis D. Nedrelid.
Periodar med mange leigearbeidarar på dei store bedriftene er litt av forklaringa, meiner ho.
Får ikkje svar på legekontor
Vinteren er full av kurrante plager i luftvegane som det av og til er nødvendig […]