Får millionar i kompenasjon

Innsatsen til fotballklubbane består i å marknadsføre aksjonen i kommunen sin, slik at folk veit […]

Innsatsen til fotballklubbane består i å marknadsføre aksjonen i kommunen sin, slik at folk veit kvar dei skal levere skrapmetallet. Klubbane melder seg på aksjonen gjennom internett; http://www.gijernet.no
— Viss fotballklubbane bruker nettverket sitt for å spore opp gammalt metall kan dei tene gode bidrag til klubbkassa. Ein ringerunde til bedrifter og flyerar i postkassane kan gi lettente pengar. Vi ser at folk er meir og meir opptatt av verdiar, så vi trur på denne blandinga av frivilligheit, miljøopprydding og bistand, seier Frode Kyvåg, generalsekretær i Norway Cup.
Syklar, rustne landbruksmaskinar og stål frå nedlagt industri er ting Gi jernet!- aksjonen ønsker seg. Dette samlast inn på ein avtalt plass i kvar kommune, og hentast der for vidaresal av rivingsselskapet AF Decom. Dei står bak det som er Noregs hittil største humanitære sponsoravtale, og den er rekna å gi et overskot på 65 millionar kroner. Overskotet går til to gode formål; lokalfotballen og Plan Norge. To pilotprosjekt gav kvart eit overskot på nærmere 200 000 kroner. Det betyr rundt 100 000 kroner i inntekt til fotballen. Nytt kunstgras, nye fotballsko, reisekasse… Bidraget til Plan Norge brukast på helse- og utdanningsprosjekt i Afrika.