Saka fekk fleirtal på eit ekstraordinært møte i ungdomslaget måndag. Dermed går planane om eit lydstudio i Etne, som skal orientere seg både lokalt og nasjonalt, mot ei realisering. Saka gjekk ikkje heilt utan diskusjon, i følgje formann i ungdomslaget, Geir Davidsen.
— Huset har stått tomt i 24 år, og no såg me høvet til å få pussa det opp, og i tillegg få noko igjen for investeringane, seier Davidsen.
Medlemmene i ungdomslaget er ikkje dei einaste som har sett med fortviling på at det verneverdige huset har stått ubrukt og til forfall i lang tid, men no byrjar truleg opprustinga ganske snart.
— Me byrjar å leggje ein plan allereie no, seier Davidsen, som innrømmer at han gjev seg i kast med prosjektet med ei viss spenning i kroppen.
Viktig kulturmiljø
Huset har blitt vurdert av ein fylkesarkitekt, som meiner det er i god stand, trass i at det ser slite ut frå utsida. Ungdomslaget har vidare vore i kontakt med fylkeskommunen og fylkeskonservatoren i Hordaland, som er svært positive til planane. Davidsen meiner det kjem godt med at huset har høg status og interesse blant dei vernekyndige, samstundes som det ikkje er verna – det ville nemleg lagt strengare føringar på rehabiliteringa. Ljoshall står på ei fylkeskommunal liste over viktige kulturmiljø, og gjer det såleis ekstra interessant å ta vare på.
Ungdomslaget Fram har den siste tida jobba med å hente inn prisar, og dei ser for seg å investere 360.000 kroner på opprustinga. Dei meiner det er pengar å hente ved å søkje nasjonalt kulturminnefond, fylke og kommune. Isolering av tak og vegger, i tillegg til lydisolering av ein kortvegg, står på planen. Kva som skal gjerast med dei originale og staselege vindaugo er ikkje heilt klart ennå. Davidsen håpar dei kan klare å halde dei i same stilen. Han kan ikkje gje nokon eksakt tidsplan for når ting skal bli ferdige, men målet er at lydteknikarane i Etne og Ølen kan byrje å ta det i bruk til sommaren.
— Me må ha av all skiferen når me skal isolere taket, og det kan me ikkje gjere no, seier Davidsen, og meiner at sjølv om dei vil kome fort i gang, er det også noko som må vente.
Det er tre kapasitetar på lydteknikk i Etne og Ølen; Nils Halleland, Stig Morten Sørheim og Kjetil Ulland, innehavar av Lydloftet i Ølen, som har sett potensialet i det gamle ungdomshuset. Ungdomslaget Fram og lydteknikarane har den siste tida jobba med ei intensjonsavtale for den vidare bruken av huset. Denne er ikkje underskriven ennå, og Kjetil Ulland opplyser at dei vil vente med å presentere prosjektet sitt til alle brikker er på plass. I eit intervju med Grannar i mars lufta Nils Halleland korleis dei då såg for seg prosjektet.
— Me vil kunne få eit stort innspelingslokale med stor breidde, og det heile kan bli nokså spektakulært. Me ser for oss at me vil ha eit såkalla A-, B- og C-studio, eitt til store produksjonar, eitt til redigering og liknande, og eitt som lag og foreiningar kan bruke – til dømes elevar i kulturskulen og skulen, sa Halleland då, og understreka at alt var på idéplanet.
Han sa vidare at målet var å skape ein kulturinstitusjon som ikkje berre orienterte seg lokalt, men også på landsbasis.
Ulland opplyser at det er Halleland som har hatt den tettaste dialogen med Ungdomslaget Fram så langt, men Grannar greidde i går ikkje å få tak i han for å få ein kommentar om dei vidare planane.
Får nytt liv med musikk
Saka fekk fleirtal på eit ekstraordinært møte i ungdomslaget måndag. Dermed går planane om eit […]