Får protestar mot redusert fart

Haugaland Industri- og Næringsforening har sendt klar melding til Region vest i Leikanger om at […]

Haugaland Industri- og Næringsforening har sendt klar melding til Region vest i Leikanger om at det er meiningslaust å hemme trafikken på ei nasjonal hovudåre med gjennomgangstrafikk.
Dagleg leiar Ragnar Larsen viser til at det frå før er 40-sone på E134 gjennom Skjold, og med tilsvarande fartsgrense i Ølen og Ølensvåg, og med tida også i Etne, blir det uhaldbare tilstandar.
I følgje industriforeininga er 40-sone og miljøgater ei sovepute og eit blindspor, og at ein heller må arbeide for å leggje E134 utanom tettstadene Ølen og Ølensvåg.

I 30 år
Tidlegare Ølen kommune tok i fjor eit initiativ overfor Vegdirektoratet med krav om miljøprioritert gjennomkøyring og 40-sone i Ølensvåg.
Spørsmålet vart sendt over til Region vest som signaliserer at ønsket høgst sannsyneleg kan bli oppfylt sjølv om det er avvik frå krav ein stiller til stamvegane.
Men endeleg svar kjem først når stamvegutgreiinga for heile E134 er ferdig. Utkastet til forslag frå denne prosjektgruppa i Statens vegvesen er å gjennomføre tiltak der E134 framleis går gjennom Ølen og Ølensvåg i 30 år framover. Å flytte stamvegen til utsida av desse tettstadene, ligg dermed langt fram i tid.

Ikkje verre enn Aksdal
Ordførar Arne Bergsvåg i Vindafjord er på ingen måte overraska over at det kjem protestar frå gjennomgangstrafikken.
— Vi har ei interesse og gjennomgangstrafikken ei anna. Dei vil uansett ønskje å kome seg fortast mogleg frå A til B. For oss er E134 gjennom Ølensvåg like mykje ein lokal veg der vi må ta omsyn til skuleelevar og andre mjuke trafikantar på ein veg med mykje trafikk. Det er snakk om eit par hundre meter med redusert fart. Hindringa blir ikkje større enn fartsreduksjonen i Aksdal, seier Bergsvåg.
Han meiner Ølensvåg er ganske spesiell med stor trafikk inn og ut av stamvegen i eit konsentrert område og at det er heilt nødvendig å gjere noko ganske raskt. Han presiserer at det lokale kravet er 40-sone gjennom Ølensvåg, medan Statens vegvesen har tatt med Ølen i same slengen.

Positiv til miljøprioritert
— Ein må ikkje samanlikne Ølensvåg med 40-sona i Skjold. Miljøprioritert gjennomkøyring er noko heilt anna, og det er fleire døme frå andre stader i landet at dette er vellukka. Å slakke litt på farten samanlikna med dagens 50-sone i Ølensvåg kan ikkje vere det store problemet, seier Bergsvåg.
Han har forventningar til at dagens regjering vil satse meir på trafikktryggleik og at ein dermed unngår at planane blir eit papirvedtak som ikkje blir gjennomført på mange år på grunn av manglande løyvingar.