Får Skakke på sokkel

Det vart mykje lått og løye, då Amund Enge og Nils Halleland poserte som Erling […]

Det vart mykje lått og løye, då Amund Enge og Nils Halleland poserte som Erling Skakke og kongssonen Magnus på Stødle til ære for fotografen.
Den ruvande bronsestatuen skal plasserast like ved parkeringsplassen til Stødle kyrkje. På kanten av Stødlebakken skal far og son speida utover Etne –bygda.
Ei uventa gåve
I oktober 2002 reiste ordførar Amund Enge og kunstnar Arne Mæland, saman med nokre representantar frå sentrumsforeininga i Etne, til Carrara i Italia på marmorsynfaring. I løpet av denne turen kom dei i snakk med kunstnaren William Ernest Brown frå USA.
Som stolte etnebuar fortalde dei sjølvsagt soga om Erling Skakke og sonen Magnus som vart konge berre fem år gamal. Utan å tenkja meir på samtalen med amerikanaren, gjekk turen i Italia sin gong og reisefylgjet kom heim att til Etne.
— Ei stund etter turen fekk me eit uventa brev frå William Ernest Brown. Det viste seg at kunstnaren hadde blitt så fascinert av historia at han ville laga ein skulptur av far og son, som symboliserte samhaldet mellom dei to. Han lurte på om Etne kommune var interessert i å ha ei slik statue i bygda. Me svara at det skulle me gjerne hatt, men at det var lite pengar til eit slikt prosjekt. Svaret frå USA var at me sjølvsagt ikkje skulle betala noko for statuen. Den skulle vera ei gåve frå kunstnaren, seier ein smilande Amund Enge.
Går snart i støypen
William Ernest Brown vitja Etne sommaren 2003, og ordførar Amund Enge og Arne Mæland vitja kunstnaren heime i Beverly Hills i februar 2004. Resultatet av besøka er at den flotte statuen snart skal gå i støypen.
— Me er invitert til Beverly Hills for å ta ein siste inspeksjon av statuen før den går i støypen. Det kjem eg, Arne Mæland og kanskje nokon andre til å gjera i januar/februar 2007. Det er viktig at ei slik statue, som skal stå i fleire tusen år, er skikkeleg, og at det ikkje er ting me oppdagar for seint, seier Amund Enge.
— Målet vårt er at me har skulpturen på plass på Stødle til St. Hans. Det er litt av ei gåve me har fått, statuen er verdt mangfaldige hundre tusen, seier ein stolt ordførar.
Oase på Stødle
Etne kommune er no i samtalar med grunneigaren av området der statuen skal plasserast. Sjølve statuen er 2,12 meter høg, og skal plasserast på ein stor sokkel.
— Planen er at me skal laga ein slags oase kring statuen der folk kan setja seg ned å nyta utsikten over Etnebygda. Dersom eg får det som eg vil, skal me ha ein gigantisk stein som eg såg i Skånevik som sokkel. Då vil Erling Skakke og kong Magnus ruva så høgt i terrenget at ein kan sjå dei i frå Etnesjøen, seier Amund Enge.