Det er langt fram

Sjølv om fleire og fleire jenter tar høgare utdanning, nesten 60 prosent av dei som […]

Sjølv om fleire og fleire jenter tar høgare utdanning, nesten 60 prosent av dei som tar eksamen ved universitet og høgskular er kvinner, viser det ikkje like godt igjen når lønningane skal målast. Nå som før er det menn som toppar lønnsstatistikken. Ein grunn til det er at det er menn som får best utteljing når bonusar og lønnstillegg skal fordelast. Det er også menn som sit ved dei fleste sjefsskriveborda og som fyller styreromma.

Haugesunds Avis illustrerer onsdag tilstanden på dagens arbeidsmarknad. Bilde av seks kvinner som til saman nesten fyller ei heil stilling. Det er seks utdanna helsearbeidarar frå Stord som alle er tilsette i brøkstillingar i kommunen. Alle ønskjer dei større stillingar, men i desse nedskjeringstider er det lite håp om meir i nærmaste framtid.

Det seier seg sjølv at ingen kan klara seg sjølv på stillingar på sju prosent og opp til 25 prosent. Likestillingsombod i Stord kommune, Henny Førland Berger, er skræmd over at det står så dårleg til. — Skulle likt å sjå ein mann som fekk tildelt ei stilling på sju prosent, seier ho til Haugesunds Avis.
Kommunalsjef i Stord kommune, Reidun Myklebust, er einig, men innrømmer at det er kvinnene som taper i nedskjeringstider. — Eit prinsipp er jo at alle skal ha ei stilling dei kan leva av, seier ho.

Det er eit prinsipp som heile tida har vore det berande i kampen for full likestilling. Men som oppslaget i Haugesunds Avis avslører, er det langt igjen til å nå det målet. For dette er ikkje spesielt for Stord. Me finn det same i alle kommunar. Sjølv om den internasjonale kvinnedagen ikkje blir markert på same måte som for nokre tiår sidan, er det godt å bli minna om at kampen for full likestilling langtfrå er vunnen. Det er langt igjen, soom klokka gjekk. Haugar prøvde seg framover, men dei klarte ikkje å skapa noko meir enn halve målsjansar. Denne omgangen hadde Etne god kontroll på, og styrte det meste, men kom ikkje til dei farligaste målsjansane. Men kring ti minuttar før slutt kom Sindre Andre Ekornrud, som var ein av banens beste på midtbanen, og scora to gonger. Det siste målet kom med eit angrep rett i frå læreboka då Ove Straumsøy frå midtbanen leverte ballen til Kenneth Straumsøy som gjekk rett på mål og skyt, men får retur. Returen leverer han til Ekornrud, og han set ballen enkelt inn til 4-0.
Etne har no to kampar med sju scora mål og null baklengs.