Får til det viktigaste

Fotball, 5 div, menn, avd 04. Etne – Haugar 4-0 (2-0) 1-0 Ove Straumsøy (36. […]

Fotball, 5 div, menn, avd 04.
Etne – Haugar 4-0 (2-0)
1-0 Ove Straumsøy (36. min)
2-0 Øyvind Eljarvik (44. min)
3-0 Sindre Andre Ekornrud (81 min)
4-0 Sindre Andre Ekornrud (90 min)
Om lag 20 tilskodarar. Dommar: Terje Holm, Djerv 1919.
Ingen gule kort

For to veker sidan spela Etne mot Sveio, og der vann dei 3-0. Godt spel på fredag viser at dei har noko på gong, og ligg i dag på ein fjerdeplass på tabellen. Etne hadde fredag fått tilbake nokon gode spelarar og stilte dermed endå sterkare enn forrige kamp. Det vart ei jamn opning på Etne stadion, men Etne var laget som førte kampen. Det vart fleire sjansar, og ein rask og teknisk god Jørgen Øyjord på midtbanen la opp til farlige angrep.
Etter 36. minutt kom kveldens første mål, etter ein tabbe frå målvakta til Haugar. Ove Straumsøy skaut knallhardt frå kring tretti meter, og keeper slapp nesten ballen i mål i mottaket. Med godt spel framover og pasningar som skapar store målsjansar, var Ove Straumsøy ein av banens beste spelarar. Rett før første omgangen slutta var det nettopp Straumsøy som la opp angrepet og sende ein perfekt pasning som Øyvind Eljarvik kunne setje i mål.

Punkterte kampen
Då andre omgang starta var Haugar meir aggressive, men datt bakpå etter kvart som klokka gjekk. Haugar prøvde seg framover, men dei klarte ikkje å skapa noko meir enn halve målsjansar. Denne omgangen hadde Etne god kontroll på, og styrte det meste, men kom ikkje til dei farligaste målsjansane. Men kring ti minuttar før slutt kom Sindre Andre Ekornrud, som var ein av banens beste på midtbanen, og scora to gonger. Det siste målet kom med eit angrep rett i frå læreboka då Ove Straumsøy frå midtbanen leverte ballen til Kenneth Straumsøy som gjekk rett på mål og skyt, men får retur. Returen leverer han til Ekornrud, og han set ballen enkelt inn til 4-0.
Etne har no to kampar med sju scora mål og null baklengs.