— Begge dei nye båtane er like. Den eine har nå mindre passasjerkapasitet, men den kan lett byggjast om dersom det skulle vera behov for det. Dei nye hurtigbåtane fekk namna «Teisten» og «Tranen», som var brukte fleire gonger før i selskapet si historie, opplyser administrerande direktør i Tide Sjø AS, Geir E. Aga.
Både «Teisten» og «Tranen» er 33 meter lange og ti meter breie. Det er plass til 120 og 180 passasjerar, og servicefarten ligg på 35 knop. Prislappen på kvar av dei kom på 35 millionar kroner.
Dei gamle båtane, «Baronen» og «Tedno», skal seljast til utlandet, medan leiebåten «Nordic Queen», som steppa inn for den allereie selde «Baronessa», skal tilbake til eigaren, reiarlaget Cruise Service As.
Nye ruter
I staden for tre, som det var før, vert det berre to snøggbåtar til disposisjon i Sunnhordland. Men Tide Sjø AS lovar at tenesta vert ikkje dårligare av det.
— Me har like god kapasitet, fordi me har kvitta oss med den såkalla Os-ruta. Det er viktig å få med seg er at frå januar månad får folk frå Skånevik høve å reisa til Bergen med ei ny ettermiddagsrute måndag til fredag. Også frå Bergen skal det vera ei tilsvarande rute midt på dagen tilbake til Skånevik, seier Geir E. Aga.
Fredag vart omlag 80 gjester inviterte til båtdåpen ved verftet Fjellstrand AS på Omastranda. Etter den offisielle delen, vart gjestene tekne med på ein jomfrutur med ein av snøggbåtane på Hardangerfjorden. Gjestene fekk så ein festleg lunsj på Hardangerfjord Hotell på Øystese.