DSB melder om lokalt stor fare for lyng- og grasbrann i låglandet Østafjells og på Vestlandet. Bråtebrann, turbål og grilling kan fort føre til brannar. Eit uskuldig bål kan utvikla seg til å bli ein stor brann som fort kan koma ut av kontroll.
— Om våren treng ein ingen lang tørkeperiode før det oppstår fare for skogbrann. Gammalt gras, kvist og lyng blir fort knusktørt og er då veldig lettenneleg. Dei fleste skog- og utmarksbrannane er normalt i april, mai og juni. Lett nedbør er generelt ingen garanti mot at brannar ikkje kan oppstå i skog og utmark, seier senioringeniør Even Skredsvig i DSB.
Fare for lyng- og grasbrann
DSB melder om lokalt stor fare for lyng- og grasbrann i låglandet Østafjells og på […]