Tankespinn frå Vestnorsk Senter

Svært mange innan næringa er fullstendig ueinig i det som skjer på denne garden i […]

Svært mange innan næringa er fullstendig ueinig i det som skjer på denne garden i regi av stiftelsen. Så alvorleg ser næringa sjølv på det som skjer at dei har valt ei nemnd for å synleggjera sin frustrasjon og misnøye til politikarane og stiftinga.
Lang tid med reint misbruk av ein av Etne sine beste gardar må etter kvart ta slutt. 13 år er gått sidan Vestnorsk Senter For Bygdeutvikling vart til. 13 år som har hatt det som resultat at garden sakte og sikkert er enda i «uføret». Ikkje på grunn av leigarane – som med fagleg dugleik har gjort det beste ut av drifta – men ut frå at dei har ei stifting på ryggen i si drift. Dette er ein heilt uakss att for dansarane frå Vindafjord kulturskule til å utfalda seg på. Men flott og triveleg var det.
Filmklassikarar
Skulekorpset var innom fleire filmklassikarar. Flashdance, The Full Monty og Grease stod på programmet. Mange av korpsmedlemmene hadde også kledd seg opp fargerikt og femtitalsaktig i ekte Grease-stil.
Reine instrumentale innslag, slik ein gjerne forbind med denne typen korps, var det ikkje så mange av denne kvelden. Dirigent Carsten Tjessheim og medarbeidarane i Skjold skulekorps hadde sett saman eit variert program.
At det utvida korpsmiljøet også har mange dyktige songarar, fekk dei visa til fulle. Solistane Ine Kleiveland og Ingebjørg Susort Velde var blant dei som imponerte med nydeleg song.
Etter pausen fekk dei fleste i korpset ta seg ein liten pause. Generasjonsbandet, som bestod av bestefar Knud Flemming Nielsen, eit par fedrar og nokre ungdommar, fekk boltra seg på scenen med kjente tonar, mellom anna av The Beatles.
Den allsidige trubaduren Ingvar Johannesen, skal ikkje gløymast. Å få høyra viser av Tønes på tilnærma sokndalsdialekt frå scenen i Skjold bygdahus under ein korpskonsert, det var sanneleg uventa.
Å gå heim og sjå Melodi Grand Prix på fjernsyn rett etter denne førestillinga, var ein nedtur. Vakker, melodisk song og klingande korpsmusikk i Skjold er noko heilt anna enn primalskrik frå finske monsterrockarar.