Potpurrien av ABBA-slagerar med Malin Eidhammer, Solrun Byrkja, Ellen Marie Andersen og Inger Listog som solistar, var kanskje det største høgdepunktet i det drygt to timar lange programmet. Dei fire jentene song fleirstemt, reint og vakkert.
Med heile Skjold skulekorps og den talentfulle songkvartetten på scenen samstundes, blei det ikkje mykje plass att for dansarane frå Vindafjord kulturskule til å utfalda seg på. Men flott og triveleg var det.
Filmklassikarar
Skulekorpset var innom fleire filmklassikarar. Flashdance, The Full Monty og Grease stod på programmet. Mange av korpsmedlemmene hadde også kledd seg opp fargerikt og femtitalsaktig i ekte Grease-stil.
Reine instrumentale innslag, slik ein gjerne forbind med denne typen korps, var det ikkje så mange av denne kvelden. Dirigent Carsten Tjessheim og medarbeidarane i Skjold skulekorps hadde sett saman eit variert program.
At det utvida korpsmiljøet også har mange dyktige songarar, fekk dei visa til fulle. Solistane Ine Kleiveland og Ingebjørg Susort Velde var blant dei som imponerte med nydeleg song.
Etter pausen fekk dei fleste i korpset ta seg ein liten pause. Generasjonsbandet, som bestod av bestefar Knud Flemming Nielsen, eit par fedrar og nokre ungdommar, fekk boltra seg på scenen med kjente tonar, mellom anna av The Beatles.
Den allsidige trubaduren Ingvar Johannesen, skal ikkje gløymast. Å få høyra viser av Tønes på tilnærma sokndalsdialekt frå scenen i Skjold bygdahus under ein korpskonsert, det var sanneleg uventa.
Å gå heim og sjå Melodi Grand Prix på fjernsyn rett etter denne førestillinga, var ein nedtur. Vakker, melodisk song og klingande korpsmusikk i Skjold er noko heilt anna enn primalskrik frå finske monsterrockarar.
Fargerikt vårshow
Potpurrien av ABBA-slagerar med Malin Eidhammer, Solrun Byrkja, Ellen Marie Andersen og Inger Listog som […]