Farleg fyrverkeri

For mange som skyt opp rakettar er nemleg ikkje skikka til dette, og difor skjer […]

For mange som skyt opp rakettar er nemleg ikkje skikka til dette, og difor skjer det kvart år ulykker og brannar på grunn av fyrverkeri. Så langt har det ikkje vore alvorlege episodar i Etne og Vindafjord, men det skuldast mest flaks.

I utgangspunktet er fyrverkeri flott å sjå på. Å skyta det opp er heller ikkje vanskeleg, men uvettig bruk skapar farlege situasjonar. Det skal veldig lite til for at ting skal gå gale. Ved oppskyting er også mange personar samla på ein stad. Ofte er det marginar – eller flaks – som er skilnad på om et går bra eller ikkje.
I fjor var fyrverkeri årsak til at store delar av Haugalandet opplevde lyng- og grasbrannar på nyttårsaftan. Bakkane var ekstremt tørre då, så dette slepp me truleg i år. Likevel kunne mykje vore unngått dersom ein hadde hatt større kontroll med oppskytinga. Difor blussa også debatten om fellesfyrverkeri på nytt opp med stor styrke etter feiringa for eitt år sidan.

Innføringa av eit minimalt tal på dagar det er lov å selja fyrverkeri hindrar at heile romjula endar med lys og smell. Erfaringane frå i fjor er positive på dette området, men det vil heilt sikkert vera ein god del som ikkje bryr seg om forbodet mot å skyta opp rakettar før klokka 18 nyttårsaftan.
Dette, saman med skadestatistikken, er gode argument for å innføra offentleg fyrverkeri på nyttårsaftan. Då stoppar ein fyrverkerisalet til private, og ein får det inn i kontrollerte og godkjente former. Når mange likevel ønskjer private fyrverkeri, så kan ein godt forstå det. Men då må dei som skyt opp rakettar visa at dei er i stand til det. Det handlar om å ta ansvar for seg sjølv, og ikkje minst for dei ein har rundt seg.