— Vi kunne godt ha sleppt å betale eigedomsskatt det neste halvåret. Vi har alt betalt eit halvt år etter kommunesamanslåinga. Eg synst ikkje det er rettferdig når det berre er vi i Ølen som betaler, seier Torstein Christiansen.
Han var blant fleire ølensbuar på tilhøyrarbenken som kom for å høyre kva formannskapet i Vindafjord hadde å seie om eigedomsskatt.
— Men at skatten skal forsvinne, er vi godt nøgde med. Dette har vore urettferdig i mange år for oss i Ølensjøen, seier Christiansen.
Området i og rundt Ølensjøen er det einaste området som har eigedomsskatt på bustader i heile Vindafjord.
Vente til nyttår
Terje Kleiven (Tverrpolitisk Vats/Skjold) foreslo at skatten i og rundt Ølensjøen skal vekk frå 1. juli år. Han lanserte forslaget om å avvise eigedomsskatt i allianse med Tone Hatteland (H) og Terje Halleland (Frp). Men dei korrigerte forslaget til at eigedomsskatten for bustader og forretningsbygg i Ølen blir fjerna frå 1. januar 2007.
Ved å fjerne skatten frå juli av, måtte i så fall politikarane finne pengar på budsjettet for å dekke inn dette tapet i inntekter for kommunen.
Formannskapet går altså inn for å avvise rådmann Helge Thorheim sitt forslag om at alle bustader i Vindafjord skal betale eigedomsskatt.
Verk og bruk
Skatten på verk og bruk blir oppretthalden, men det blir ingen ny taksering i gamle Ølen som har langt eldre, og dermed billigare pris enn i gamle Vindafjord.
— Vi bruker ikkje pengar på ein skatt vi kanskje skal avvikle om ikkje så lenge, sa Terje Kleiven.
Han har gått til val på at Vindafjord ikkje skal ha eigedomsskatt, og meiner kommunen må spare pengar på andre kantar for å unngå det han karakteriserte som ekstrasskatt.
— Det er ei sjølvmotseiing dersom vi slår oss saman for å spare pengar, og så startar vi med å auke skattane, sa han.
Betale rekninga
Arbeidarpartiet var heller ingen skatteforkjempar i formannskapet, og både Reidar Håvås og Margit Aga Hustveit sa nei.
— Kommunesamanslåing skulle gi oss betre økonomi og tenester. Det blir eit heilt feil signal å sende ut til innbyggjarane dersom vi startar med å innføre eigedomsskatt. Folk bør få seie meininga si i eit val først. det er ikkje så lenge til, sa Håvås.
Ordførar Arne Bergsvåg minna kollegane i formannskapet om at alle kjenner til at den økonomiske situasjonen ikkje er verre enn i dei gamle kommunane kvar for seg.
Kommunestyret skal ha siste ordet om eigedomsskatten på møtet 14. juni.