— Det skal bli godt å bli ferdig med det. Det har hengt over oss, og det har ikkje vore noko kjekt, seier Geir Davidsen, tidlegare leiar i Ungdomslaget Fram.
Gjennom Noregs Ungdomslag og Norske Lagsbruk har ungdomslaget gratis advokat, og nå er advokat Bjarne Gjørven hyra inn for å vurdera forsikringssaka.
Advokat
— Han har hatt fleire forsikringssaker og vil sjå nærmare på saka vår, seier Davidsen.
Ungdomslaget har ikkje bestemt seg for om dei skal prøva saka for Forsikringsklagenemnda eller gå til rettssak mot forsikringsselskapet. Ungdomslaget hevdar at dei trudde dei kjøpte ei fullverdi forsikring, men den viste seg å berre vera ei førsterisikoforsikring som er bunden opp til 360.000 kroner. Ungdomslaget meiner dei fekk for dårleg informasjon, men If Skadeforsikring har tidlegare avvist dette i Grannar.
Etter å ha hatt takstmann på branntomta, er skjønnet på Ljoshall sett til nær fem millionar kroner. Slik det ser ut i dag, dekker forsikringa 900.000 kroner.
— Intenst
Brannvesenet brenn ungdomshuset Ljoshall på dugnad laurdag, og bruker oppdraget til å kursa røykdykkarar.
Ungdomslaget har tatt vare på nokre minne frå Ljoshall etter brannen 5. desember i fjor. Åtte umonterte underur, fire vindaugskarmar og nokre svingdører er sikra for ettertida.
— Det som kan takast vare på, er tatt vare på. Me har ingen planar om å bruka det, men det er betre å ta vare på det enn å få dårleg samvit fordi me brende det, seier Davidsen.
Han har ingen planar om å vera til stades under brenninga laurdag.
— Eg trur ikkje eg ville gått og sett på eit anna hus som brann heller. Det har vore veldig intenst med Ljoshall det siste året, men elles har eg ikkje hatt eit forhold til huset, seier Davidsen.
Det er ungdomslaget som eig tomta der Ljoshall står. Truleg blir det ikkje noko nytt bygg i ungdomslaget sin regi der.
— Me har fått førespurnad om sal av tomta og kjem nok til å selja, men me gjer ikkje noko med det før forsikringssaka er ferdig, seier Davidsen.
Farvel til Ljoshall
— Det skal bli godt å bli ferdig med det. Det har hengt over oss, […]