Sandeid-ruta mellom Stavanger og Sandeid er gjort om til ei helgerute, der pendlarar og skuleelevar utgjer mesteparten av passasjerlista. Enn så lengje.
Då Ølen skulle flytta grensa frå Hordaland til Rogaland, var det mange som frykta at det ville vera eit farvel til snøggbåtsambandet nordover til Bergen. Men uroa blei slått tilbake ved at Rogaland fylkeskommune skulle betala Ølen sin del av ruta. Enn så lengje.
Det som mange frykta, men som dei aller fleste likevel ikkje kunne få seg til å tru, kan nå bli røyndom. På eit ekstramøte etter fylkestinget i Bergen 9. mars vedtok fylkesutvalet at dagens snøggbåtopplegg i Sunnhordland skal ut på anbod. Det borgarlege fleirtalet slutta seg til eit framlegg frå Terje Søviknes frå Framstegspartiet om at det skal hentast inn pris på tre alternative snøggbåtopplegg.
Eitt av alternativa er å oppretthalda dagens ruteopplegg, medan dei to neste inneber drastiske kutt i rutetilbodet. For Ølen og Utbjoa fører det mest drastiske alternativet til at dei blir strokne heilt ut av snøggbåtkartet for Sunnhordland. I mellomalternativet mistar Ølen to stopp, medan Utbjoa får behalda pendlarruta. Forslaga til kutt får også konsekvensar for Skånevik. I det eine alternativet mistar Skånevik eitt av fem anløp, og to i det mest drastiske forslaget. I tillegg til ruteanløp i vårt distrikt, får Leirvik på Stord og Bømlo kraftige kutt i sine anløp.
Nå bør politikarane i Sunnhordland komma på banen og fortelja dei som styrer Hordaland-skuta, at dette vil me ikkje finna oss i. Det å kutta Ølen frå rutekartet vil få enorme konsekvensar. Ikkje berre for ølensbuen og dei næraste naboane, men for heile regionen her sør. Sjølv om avstanden til Bergen i overført tyding blir lengre og lengre, er det framleis nødvendig med eit kollektivt samband sjøvegen nordover. Ikkje minst for skuleelevar og studentar som har valt Sunnhordland og Bergen som skulestad og for pasientar og pårørande som skal til Haukeland universitetssjukehus.